t



 

 

 

Nytt liv på gamle Storruste skole 

-Av Lise Marie Nordby-

Odd og Ragne har skapt nytt liv i keramikkverkstaden på Storruste skole. Det er kjempepositivt for Hedalen å ha eit slikt tilbod til bygda og hyttefolket. Det er med spenning eg ruslar ned stien til keramikkverkstaden. Snøen lavar ned denne oktoberkvelden, og skapar ein nesten trolsk stemning. Det lyser så koseleg i vindauga, eg trampar av meg snøen. Eg blir helst velkommen av Lotte og Trixi to små søte cocker spaniel.

Det er berre å slå seg ned mellom halvferdige keramikkting, og fyre laus med alle alle spørsmål eg ikkje har fått svar på.. – Når flytta de hit, og kvifor valde de Hedalen?

- Vi kom 8. juli, at vi valde Hedalen er eigentlig ganske tilfeldig. Læraren vår viste oss prospektkort av keramikkverkstaden her i Hedalen. Han fortalde at Grønningseter, tidligare eigar av keramikkverkstaden, ønskte å selje huset til keramikkdrift. I Tønsberg var det særs dyrt å skaffe seg bustad, difor vart valet ganske enkelt.  

Inne i utstillingsrommet er det lunt og koselig. Overalt står det keramikk, alt ifrå lysestakar og service, til små mugger og underlige figurar. Eg legg merke til ei kjempestor krukke i ei nydeleg blåfarge. Ragne kan fortelje at ho likar godt å lage store krukker.  

I dag sit keramikkdama og dreier porselen. Ho fortel meg at dette er særs vanskeleg, for den har veldig lett for å falle saman. Ein må heller ikkje arbeide for lenge med materialet, for da blir han mjuk og vond å arbeide med. Han sit og dreier på ein stor keramikkbolle, men for Odd er dette berre ein hobby. Det kan stundom skape problem å dreie samtidig, da straumen er særs ujamn.

Interessa for keramikk

Eg spør Ragne når interessa hennar for keramikk starta, og ho svarar at for hennar del starta den tidleg,  men ho hadde ingen stad ho kunne ta utdanning.

For å komme inn på kunst og handverksskolen, måtte ein kunne teikne, og det kunne ikkje Ragne.

Difor vart det 16 år med butikkarbeid før ho bestemte seg for å starte med det ho alltid hadde hatt lyst til.

 

Dette er saka:

  • Odd og Ragne har starta med keramikkverkstad på gamle Storruste skole.

  • Ragne har kurs for små barn.

  • Ho lagar også smykke og har mange andre interesser, som til dømes å lage dokker.

Skolen Scanform ligg i Våle i Vestfold,  og der visste ein at det gjekk an å lage keramikk utan å kunne teikne, det gjekk meir ut på at ein verkeleg hadde lyst. Det var ei hard utdanning og masse arbeide, men no er Ragne ferdig utdanna og i full sving med si nye karriere i Hedalen. 

Smykke og porselensdokker 

Ragne har også utdanning i å lage smykke. Mange fine smykke heng til utstilling i verkstaden. Etter kvart vil ho kanskje vidareutvikle dette, men for å produsere på eige hand, treng ho meir utstyr, og det kostar pengar.

Sølvet er resirkulert restavfall frå romfartøy og røntgen, det vert importert frå Japan. Ho fortel om den nye måten å lage smykke på, det er ei slags leire som ein kan forme som ein vil og etterpå brenne. Sølvleira består av 9,99% sølv, så det er meir sølv enn i vanlege sølvsmykke. 

Ho har også utdanning som dokkemakar, men dette er mest ein hobby sidan det er så tidkrevjande. – Eg er litt barnsleg da, seier ho. Oppe har eg ein heil masse dokker, bare bli med og sjå! Eg blir spent med opp trappa, og som sagt, oppe er det fult av dokker. Dei fleste bur inne i eit stort dokkehus. Klede til dokkene er sjølvlaga. 

Kurs for barn 

Ragne har starta opp eit kurs for barn. Dette har blitt ein stor suksess, og ho har no 15 elever. – Det er heilt fult her, eg kunne ikkje hatt plass til fleire, ler ho. Det er jo litt slitsamt, men eg likar veldig godt å jobbe med ungar.

Ungane dreiar ikkje, dei modellerer.
– Viss dei skulle dreie,  måtte det vore med ein vaksen til kvar elev, og eg er jo berre ein.  Ho seier også at ho kunne tenkje seg ein jobb som lærar i kunst og handverk. - Det blir litt kjedeleg å berre sitje her, legg ho til.  

Utstillingar 

Utstillinga på Kontorparken i haust var kjempepositiv. -  Vi fikk marknadsført oss til hyttefolket, og har fått mange tingingar. Odd og Ragne deltar på messer og utstillingar. --Ellers reiser vi dit folk vil ha oss, seier Ragne. I vinter skal vi ha utstillingar i Reinli, Vang og på Bangsmoen. Vi leverer også keramikk til Landem fabrikk i Østfold, og eit galleri på Ski.  

Paret har også noe keramikk utstilt  på ”By the way” på Nes i Ådal. Etter kvart vil dei kanskje stille ut keramikk på biblioteket og Solstad Kafé.
– Utstillingar trekkjer folk, dei får sjå kva vi lagar, og kjem gjerne på besøk i verkstaden.  

Positiv til bygda 

- Korleis var det å flytte til Hedalen?
 – Veldig bra, det er fin natur og koselege menneskjer, alle er imøtekommande.  Vi har vorte åtvara mot å reise til ei bygd, men så langt har det berre vore positive opplevingar. – Snøen kom litt brått på oss, legg Odd til. 50 cm med snø over natta er ikkje akkurat noko vi er vande med, årstidene skifter så brått! 

Ragne synest ting har skjedd overraskande fort. Kommunen har vore positiv til nyetableringa. Vi er no med på eit etableringskurs på Fagernes ein gong i veka. Der lærer vi om marknadsføring, korleis ein skal setje opp budsjett, feller ein kan gå i og liknande. Dette er veldig spennande.  

Framtidsplanar 

Vi har hatt kontakt med Fagernes hotell, som har planar om å sende turistbussar til keramikkverkstaden vår. Etter kvart skal Odd også jobbe her, vi er også interessert i å kunne få inn ein lærling. Vidare håper vi å kunne samarbeide med Småsamfunnsprosjektet, så det ser ut til å vere massevis av moglegheiter for desse ivrige og arbeidsame nykommarane.


Nettsideansvar: Arne Heimestøl |