t



Publisert:  18.04.20

 

 

Stødige allmenn eller maskuline mekken?

Stadig fleire norske elevar søkjer seg inn på yrkesfaglege studieretningar. I motsetning til tidlegare år, kan ein no spasere rett inn på allmenne fag - same kva slags karakterar ein har. Myndigheitene jublar, men er det verkeleg deira forteneste?

Dei siste åra har det vore ei stor auke i søkinga til yrkesfag. Her i Valdres er elektrofag, med heile 46,15 i poengsum, det vanskelegaste faget å kome inn på for for tida. Under allmenne, økonomiske og administrative fag ved Valdres vidaregåande skule, står det no «ledig». Det tyder at det ikkje spelar noko rolle kva slags karakterar ein har oppnådd på ungdomsskulen. Ein kjem inn same kva. Eit godt argument for å gje blaffen på grunnskulen?

Oppfordring frå myndigheiter

Myndigheitene og politikarane har gått ut og oppfordra ungdom til å velje yrkesfag. Grunnen er rett og slett stor mangel på arbeidskraft innan praktiske yrke som byggfag, mekanikk o.l.
- Dette kan vere ein av grunnane til at fleire og fleire vel bort allmenne fag, men årsakene kan vere mange, seier skulerådgjevar ved Hedalen barne og ungdomsskule, Eldor Bråthen.

Årsaker

Blant anna har det blitt mykje lettare å gå frå yrkesfag til høgskular og universiteta. Ein treng berre eit påbyggingsår. Dermed er ein jamgod med dei som har gått allmenne fag i tre år. Moglegheitene vart på denne måten altså mykje større etter Reform 94’.

Bråthen trekkjer også fram årsaker som renter på studielån, kortare utdanning og ikkje minst lønn. Det freistar nok ikkje så mykje med ei stor gjeld, og at ein må jobbe mange år framover for å oppnå same statusen som dei «yrkesfaglege». Mange får nemleg like høg, om ikkje høgare lønn ved å gå yrkesfaglege linjer. Dette kan for mange «skuleslitarar» verke litt bittert.

- Eg har ikkje noko statistikk på når yrkesfag vart så populært, men det har nok skjedd gradvis. Rådgjevar undrar på om det spesielt har vore dei siste åra. Denne auken har kanskje funne stad etter Reform 94’ vart sett i gang, seier han.

Forskarane meiner at denne «trenden» kan føre til at færre elevar blåser i skulen. Dette meiner dei fordi mange ungdommar er så metta av teori og mange års skuleutdanning. Dei ynskjer seg fleire praktiske fag. Den yngre garden støttar forskarane heilt ut i denne påstanden.

Overraskande svar

Det har blitt gjort ei spørjeundersøking i 10. klasse ved skulen i Hedalen. Nokre av svara var nokså overraskande. Men nokre av dei stemte også overeins med det forskarane og det rådgjevar har kome fram til. 8 jenter og 5 gutar deltok i undersøkinga.

I underkant av 40 % av klassa svarte at dei mest sannsynleg kom til å gå yrkesfag til neste år. Av desse var tre gutar og to jenter. Det vil seie at Eldor Bråthen hadde rett i sine spekulasjonar, han tippa at det var ei overvekt av gutar som valde yrkesfag. I denne klassa stemmer altså dette. Bare ein fjerdedel av jentene trudde dei ville gå fag som førte dei rett til yrket. Resten gjekk ut i frå at dei ville velje fag som gav generell studiekompetanse.

Generell studiekompetanse

Generell studiekompetanse får ein fyrst og fremst ved å gå allmenne, økonomiske og administrative fag, idrettsfag samt musikk, dans & drama. I tillegg gjev tre fag innan teikning/form/farge, naturforvaltning og medium og kommunikasjon studiekompetanse. Dessutan kan ein ved hjelp av eit påbyggingsår oppnå dette, sjølv om ein frå før har gått yrkesfag og teke i mot fagbrev. - Det er mange vegar til Roma, legg Eldor Bråthen til.

Elevane sine grunngjevingar

10. klassingane sine grunngjevingar for å gå allmennfaglege linjer, stemmer nokon lunde med landsbasisen. Dei fleste var ikkje sikre på kva slags jobbar dei ville ha seinare i livet. Dei ville derfor halde moglegheitene opne. Dessutan freista ikkje nokre av yrkesfaga spesielt mykje.

Elevane som ville vidare på yrkesfag, var meir sikre i sin sak. Dei aller fleste svarte at grunnen var at dette arbeidsområdet høyrdest mest spennande ut. Det var noko dei kunne tenkje seg å jobbe vidare med.

Ynskjer og val

Ein kan gje tre ynskje til skular og linjer, og ein har rett på eit av alternativa. Dette vil seie at mange kan risikere å ikkje kome inn på fyrstevalet sitt. Om det er få plassar og mange søkjarar, blir plassane delte ut på grunnlag av karakterar.

- Det er elevane si eiga skuld at dei ikkje kjem inn på det dei mest ynskjer, seier nokon. Det kan vere tilfelle. Men ikkje alle klarer å oppnå så gode karakterar i teoretiske fag, men dei kan likevel vere søkkande gode praktisk. Det finst mange døme på det omvendte også. Vi kan derfor spørje oss, er det riktig at elevar skal tvingast til å gå på linjer dei ikkje har interesse for? Vi kan sjå at mange ikkje bryr seg om kva dei får, det er ikkje dette dei vil arbeide med. Altså kan det ende opp med bortkasta år.

Framleis tradisjonelt

Målingar på landsbasis viser også at gutar og jenter framleis søkjer svært tradisjonelt. Det tyder at det er få jenter som søkjer på fag som byggfag, og det er få gutar som vel  feks. helse og sosialfag.

Dette er på nokre vis uforståeleg, ein får nemleg meir stipend dersom ein søkjer utradisjonelt. Og pengar har vel alt å seie i dagens samfunn? Det verkar ikkje som om ungdom tenkjer på den måten. Kanskje jenter rett og slett ikkje interesserer seg for bilar og motorar? Eller tør dei ikkje å gjere noko overilt? Venner og deira val har nok dessutan mykje å seie.


Popularitet

På landsbasis er medium og kommunikasjon den mest populære yrkesutdanninga. Mange stader er det langt fleire søkjarar enn plassar. Andre populære fag er sal og service, byggfag, elektro og musikk, dans & drama.

Framtid

Korleis framtida blir, veit ikkje nokon. Men det ser ut til å gå meir og meir i positiv retning for fag som fører ein rett til yrket. Politikarane kan altså fortsette å juble - i den trua at det er deira forteneste.
 

FAKTA

  • Dei siste åra har det vore stor auking i søkinga til yrkesfag.
     
  • Nokre årsaker kan vere myndigheitene sin oppfordring, Reform 94’, kortare utdanning, mindre studiegjeld og god lønn.
     
  • I Valdres er elektrofag det mest populære faget for tida.
     
  • Ved 10. klasse i Hedalen ynskjer 60% av elevane framleis å gå på allmenne fag.
     
  • For å finne ut kor mange poeng du sjølv har, gangar du gjennomsnittskarakteren med talet på obligatoriske fag.

Nettsideansvar: Arne Heimestøl |