t



Publisert:  10.11.06

 

 

Gjevande årsmøte for helselaga i Oppland

INGUN KOMPEN

Nasjonalforeningen for folkehelsen i Oppland skal framleis leiast av Marit Slettum i Etnedal. På årsmøtet i Hedalen i helga gjekk ho med på å ta eit siste år i spissen for dei mange driftige damene og dei noko færre mennene.

Med seg i styret har ho Undis Scheslien som nestleiar, Henry Sveen som kasserar, ansvarleg for hjartesak er Torunn Bolstad, for eldresak Solveig Nermoen, tuberkulose Kari Haugsted, belastningslidingar Toril Lyshaug, demenskontakt Anne Beathe Lilleengen, sekretær Marianne Enoksen og styremedlem Kirsti Østhagen. Varafolk er Haldis Hestekind, Erik Syvrud og. May Elin Nereng.

Trygve Bolstad og Siri Berg

Hedalen vertskap

Hedalen tok imot årsmøtet i sitt vakraste vårskrud på Ildjarntunet. Programmet var innhaldsrik og opplysande, i tillegg til at det var mange Elling Fekjærunderhaldande stunder.

Maria Bakke og Knut Torgersen ynskte velkomen til bygda, før Elling Fekjær tok opp tråden og snakka om møteplassar for folk i lokalsamfunnet. Han var oppteken av at kultur og helse heng tett saman. Både i forebyggande og kurativ behandling kan kulturinnslag vera svært nyttige. Ikkje minst senil demente kan ha stor glede av minne frå kulturelle aktivitetar tidlegare i livet.

Minner

Bengt Ole Nordstrøm tok tråden opp vidare i sitt innlegg ”Minner og musikk”. Han fortalde og viste filmbitar frå sitt arbeid med gitar og sang der han får møte mennesket meir enn pasienten. Dei som har slutta å snakke og lever i si eiga verd, kan blomstre opp og synge gamle songar frå barndommen når dei berre blir sett i gang.

-Når vi veit kva gale vonde minne kan føre til, kva skulle ikkje gode minne kunne gje av positivt innhald? spurde han. Han minte òg om kor viktig det er for oss alle å bli sett, møtt som dei menneska vi er sjølv om alder og sjukdom har redusert personen.

Undring om lys

Bjørn Bjørneng er kjent som ein undrande mann i alle samanhengar, ikkje minst som lektor på Dokka videregående skole. Han brukte lys og fargar i sine eksperiment, og fekk folk til både å undrast, forstå og le.
Professor Johan Moan engasjerte forsamlinga då han gjekk vidare på temaet lys og mørke.

Han gjekk rett inn i kroppen og forklara kor viktig det er med både lys og mørke for å ha eit sunt og godt liv. Hudkreft som følgje av for sterk soling kjenner alle til, og at dosane er ulike frå den eine til den andre. Føflekk-kreft er det farlegaste, rundt 1000 får diagnosen årleg, og ein tredel døyr av det. Berre sol og solairum kan for at folk utviklar den forma for hudkreft, sa Moan.

Han har forska på det viktige D-vitaminet, om det har noko å seia når på året behandling for kreft startar, og om det er hjelp i kunstig lys vintertida mot depresjonar. Det siste svara han eit absolutt ja til. Folk lo då han starta med å forske på det, no er det mange som les morgonavisa ved ei lampe på 10 000 lux, og kjenner seg godt opplagde vintertida. I eit vanleg opplyst rom er det 800 lux, så det er ikkje meir intenst lys enn at alle trivest med det.

Prosjekt

Prosjektleiar Eva Lønstad Davis snakka om ”Bedre levekår - nye møteplasser i Oppland”, og Anne Kathrine Dølgaard om røykesluttkurs som blir meir og meir populært, med gode resultat.

Mykje god mat og triveleg møteplass var Ildjarntunet, noko som gjorde Torunn Bolstad sitt stavgang-minikurs aktuelt. Laurdagskvelden var festkveld med god mat og underhaldning, og sundag var det gudsteneste i stavkyrkja.

Soknepreste Marit Slettum og Helge HartbergDer preika Marit Slettum over temaet kjærleik, noko ho lett kunne sjå samanhengar med i sitt aktive helselagsarbeid i Oppland. Det meste som skjer innan helselaga er friviljug arbeid på dugnadsbasis.

Helga gav slik ny kveik og gode idear til dei fleste i dei 20 laga og ti demensforeningane i Oppland med tanke på vidare arbeid.


Nettsideansvar: Arne Heimestøl |