t


Kommentaren

Publisert:  10.11.06

Je spekulerer

REIDAR HEIENE 

Det e mange som spekulerer på eit ell’ anna, før det e så mykjy ein kan spekulere på. Det e mange måter å spekulere på. Før ei stund sea spekulerte je i aksjer. Det skulle je nok itte gjort, for je tapte ein heil masse pæeng. Om je sa hå my’ det va, så ville mange itte tru det. 

Nyss fekk je veta om noko som fekk meg i store spekulasjoner, så nå spekulerer je på håffer vi hedølinga itte får no’n dokter i bygda, i alle fall slik det ser ut i dag.  

Nå e det itte alle som skjøner håffer vi behøver dokter i bygda, og te lenger ein kjem nordover te meir lurer dom på det. Fagernesinga føreksempel lurer på håffer vi ska ha særbehandling, men slik det e nå, så får vi jo særbehandling. Den går ut på at uttom kontortia må sjuke følk frå Hedalen fyst kjøres te dokter`n på Fagernes før dom bli kjørt te sjukehuset. Og når ein omsider kjem på sjukehuset e ein dau. Detta har hent før, så de e ingen grunn te å tru at det itte kan skje omatt. Kan det vara no’n som syns det e hedølinger nok? Nei, så vondtenkt e je itte at je spekulerer i det. 

Poletikera våre har nå arbeidd med denna doktersaka i mange år. Det største problemet i det siste ha vøri at slikt koster pæeng. Men i vinter dukka det opp ei ideell løysing. I Fekjær vart det bruk for ei halv legestilling. Med den halve legestillinga hedølinga gjenne sku’ hatt, vart detta tesammen full stilling. Ho som gjenne ville vara dokter`n vår, kontakta dom på Bagn, så da trudde vi at alt sku’ gå i boks. Helse Aust skreiv te kommuun og sa at detta sku itte koste dom no’n ting, men da saka va ferdigbehandla i kommuun, fekk itte ho som sku vøri dokter`n vår lov te å kåmmå likevel. Det va mange i Hedalen som hadde lyst te å grine da. 

Om je spekulerte meg grønn på hå som har skjedd, så får je itte veta det likevel, før det e no’n som itte kan si det dom veit. Je må i så fall berre gjetta meg fram, men da kjem det fram så mange stygge tanker så je vil heller prøve å slutte å spekulere over dettane her. 

Som den optimisten je e, trur je vel at alt kjem før ein dag te slutt likevel.


   

Nettsideansvar: Arne Heimestøl |