t



Publisert:  10.11.06

 

 

Gå du bort og synth ikkje meir!

ARNE HEIMESTØL

I juni er det ikkje så lett å finne oppslag til hedalen.no kvar dag -- særleg ikkje når eg bur på Vestlandet.  Eg tillet meg difor å dele ei oppleving eg hadde då eg skulle syngje med Volda kyrkjekor i Molde domkyrkje i går.

Vi møtte opp i god tid, for her skulle det øvast godt før konserten.  For meg vart det behov for litt ekstra stemmeøving.  I ein pause såg eg meg om etter eit høveleg instrument slik at eg kunne finpusse basstemma på "Hvo est du så skjøn", ein salme av Edvard Grieg.  Kyrkjeorgelet hadde organisten stilt inn til konsert, så det let eg vere å bruke.  Men borte i eit hjørne stod det ei fjøl, det vi i kallar ein synth.  Instrumentet var på, så eg prøvde å spele på det, men det kom ingen lyd.

No er det enkelte instrument som ikkje er så enkle å få i gang.  Eg valde å slå det av og på, og då læt det i synthesizeren.  Eg spelte berre på dei tonane eg ikkje kunne...

Ute stod organisten og nokre som trengde litt anna enn frisk luft.  Dei syntest det var merkeleg at klokkene i tårnet begynte å spele så spesiell musikk.
-- I stil virka det heile litt surrealistisk, så ein basskollega til meg etterpå.

Det var då organisten vår forstod kor lyden vart skapt.  No er ikkje han kjend for å vere like rask på foten som han Per på Grøv.  Men han kom seg oppover trappene til galleriet mens det dundra i tårnet.  Eg høyrde ikkje anna enn eigen song og lyd frå deg eg trudde var synthen, men fekk beskjed om at eg nok måtte velje eit anna instrument enn klokkespelet i tårnet viss eg måtte øve meir.

Det vart mykje lått etter hendinga, og på turen heim frå Molde fekk eg høyre at det nok var fleire som sette pris på at koret no hadde nokon som kunne syte for klokkespel.  Gå du bort og synth ikkje meir! seier no eg.


Nettsideansvar: Arne Heimestøl |