Sist oppdatert: 27.06.2007 08:05

Bekymringar er tankar, ikkje fakta

ARNE HEIMESTØL
 

 

Har du nokon gong tungekyssa ein fugleinfluensainfisert flyttfugl? Det har eg ikkje erfaring med, og eg tvilar sterkt på at så mange andre andre har prøvd dette heller. I følgje Ingvard Wilhelmsen, leiar av den einaste hypokonderklinikken her i landet, er det omtrent noko slikt som skal til for at du eller eg skal få den frykta sjukdommen fugleinfluensa.

Denne veka melder media om fugleinfluensautbrot i Tyskland. Til no har det vore mykje stillare på mediefronten om denne saka enn det var i fjor.

Det er mange slags små og store katastrofar som kan råke oss. Nokre sler til, andre glimrar med fråveret sitt, og godt er det. Likevel har fleire av oss ein lei tendens til å vere svært godt førebudde på ulykkene som ikkje kjem. For mange trur at nokre av oss er plukka ut til å vere meir uheldige enn andre eksemplar av menneskeætta.

Slik held vi på. Nattesøvnen  tek vi i lysvaken tilstand, for det er betre å møte tomme i toppetasjen til eksamen enn lys vakne. Tablettar et vi enten vi treng dei eller ikkje. Når molteblomstene frys midt i juni, er det for nokre av oss jamgodt med at det ikkje vert elgjakt for Knut, Håvard eller Lars.

Kongen vår er ein klok mann. Han fekk eit typisk journalistspørsmål for ikkje lenge sidan. - Søv du godt om natta no når terroren nærmar seg landet vårt? Jau, kongen måtte innrømme at nattesøvnen var det ikkje noko i vegen med, for her til lands har vi PST og andre organisasjonar som steller med slike ting, og skulle det verte eit terrorangrep i landet vårt, ville det vere best for kongen å møte ei slik utfordring utkvilt.

Det er mykje vi kan bekymre oss over. Nokre er redde for å reise med fly, eller at vener og slekt skal dette ned når desse er ute og fer. Andre er plaga av at feriehyggja skal vare like stutt tid som nokre bruker på å sykle ned Begnadalsbakkane. Ille er det for dei som utan grunn bruker år på å bekymre seg over korleis ungane skal klare seg i livet. Det er ikkje få ting vi kan tenkje negative tankar om, men kva for tema du bekymrar deg over, treng ikkje vere det same som dei naboen din er oppteken av.

Lat meg skyte inn: Dette er ikkje ei oppfordring til å kappspringe bort frå det vi har ansvar for. Nei, kommentaren handlar heller om å ta ein del ting i livet meir med ro, for grunnlause bekymringar krev energi, ofte mykje og heilt unyttig energi.

Rolf Aarøe og Margit Øiesvold seier det slik. – Tvert imot er det slik at bekymringar fører til rastløyse, irritabilitet, konsentrasjonsvanskar og søvnproblem – faktorar som aukar sårheita di og gjer deg mindre skikka til å takle framtidige kriser.

Å bekymre seg kan altså vere det same som å bruke krefter utan å løyse eit einaste problem. Bekymringar er tankar, ikkje fakta, og dei fleste bekymringane vert det ikkje noko av.