Sist oppdatert: 31.08.2008 07:21

Hedalen.no og målformer

ARNE HEIMESTØL
 

Bør Hedalen.no publisere fleire artiklar på nynorsk? Dette er eit spørsmål redaktøren gjerne vil på tilbakemelding på.

Det er fleire grunnar til at eg spør om dette:

  • "Valdres" har artikkelstoff på både bokmål og nynorsk.

  • Nokre skular i kommunen har nynorsk som hovudmål, andre har bokmål.

  • Grunnskoleelevane skal møte tekstar på både bokmål og nynorsk, og dei skal kunne skrive på sidemålet.

  • Større språkleg mangfald kan vere med å heve kvaliteten på nettstaden vår.

Sjølv skriv eg like gjerne på nynorsk som på bokmål, og då vel eg ord eg trur mottakarane vil forstå. Det vil seie at eg skriv heller radikal nynorsk.