Sist oppdatert: 15.07.2008 08:01

Jørn Hilme-stemnet

TEKST: KJELLBJØRN KARSRUD
FOTO: KARI LØVAAS

 

Konsert i Hedalen stavkyrkje måndag 21. juli kl. 19.30: Songaren Unni Boksasp har invitert Kristiansund strykekvintett med på ei reise i det folkemusikalske landskapet.

Denne reisa har resultert i årets kyrkjekonsertturné der vi møter den folkelege vokaltradsisjonen i eit klangfullt og fargerikt samarbeid med klassiske strykarar. Henning Sommerro har spesialskrive arrangement til denne konserten. «Kom hit mine venner» er eit samarbeid med Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival. Medverkande: Unni Boksasp, Anders Rensvik, Daniel Dalnoki, Wiggo Dahl, Ole Eirik Ree og Patrick Wilder.

Først og fremst; kva slags forhold har du til Jørn Hilme-stemnet?
– Eg har vore på Hilme-stemnet i mange år både som utøvar og publikumar. Eg hugsar mellom anna at mannen min hadde utdrikkingslag der. Han kom seg i alle fall ikkje på konserten eg heldt det året...

Kor kom du først i kontakt med folkemusikken?
– Eg begynte å synge for alvor då eg kom til akademiet i Rauland i 1993. Det var ei rein tilfeldigheit sidan eg hadde tenkt å ha dans som hovudretning, men det var ikkje muleg.
Kven er dei største inspirasjonskjeldene og førebileta
dine?
– Manghild Almhjell som eg har høyrt mykje opptak med, og Hanne-Kjersti Yndestad som det er utruleg inspirerande å vera i lag med, har betydd mykje for meg. Ulrika Bodén, ei svensk folkesongarske, er ei anna eg kan
nemne i denne samanhengen.
Kva type musikk høyrer du på når du er lei av folkemusikk?
– Visesongarar som Kari Bremnes og jazz, er døme på sjangrar eg kan bli inspirert av. Men eg vil generelt seie at det er mykje lettare å ta i mot musikk når det er live, då er eg som regel altetande.

Kva er di største oppleving som musikar?
– Å synge med Henning Sommerro i Nidarosdomen i fjor sommar var utruleg artig.Men eg vil også nemne ein gong eg var på turné med Æppel Pæppel (saman med Jorunn Marie Kvernberg og Øystein Sandbukt), me kom til ei tøff byskule stappfull med ungar me trudde me skulle få ei hard strid med. Men under konserten var alle var heilt med, og etterpå sat dei tøffe gutane med capen bak fram og skreik: Fele ruler, fele ruler!
Kva er ditt syn på kappleik- og kappleiken som arena for folkemusikaren?
– Når ein har halde på som folkemusikar i nokre år, har ein vore gjennom fleire fasar. No synest eg det er artig, men ein må ikkje ta det for alvorleg. Nokre legg for mykje i resultata og ein skal hugse på at dommarane har
ei subjektiv oppfatning av musikalske framføringar som alle oss andre. Slik sett er det viktig at oppdragsgjevarar ikkje ser på resultatlista når dei skal hyre folk.
Unni om sommarens høgdepunkt:
– Det blir spennande å turnere på Hilme-stemnet med nye musikarar og i ny setting. Henning Sommerro har skrive nye arrangement, så det blir artig å sjå korleis utfallet blir. I tillegg gler eg meg til å kome til Valdres og synge og sjå meg omkring i dei ulike kyrkjene.

« I tillegg gler eg meg til å kome
til Valdres og synge og sjå meg
omkring i dei ulike kyrkjene.»

Unni Boksasp er folkesongar, komponist og arrangør frå Tingvoll på Nordmøre, no busett i Tinn. Ho er utdanna ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og ved Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland. Konserten «Kom hit mine venner» er eit samarbeid med Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival.