Sist oppdatert: 16.05.2008 21:21

17. mai 2008 - tale for dagen

SOVEIG GRAN
 

Gode nordmenn, hedøler, innføttera og gjester! Gratulerer med dagen , nasjonaldagen vår, grunnlovsdagen!  Me feirar  i år at grunnlova er 194 år. Lova som vart så framtidsretta og god at me enno held henne høgt i ære!

Vi vil oss et land som er frelst og fritt og ikke sin frihet må borge.

Vi vil oss et land som er mitt og ditt. Og dette vårt land heter NORGE. Slik forma Per Sivle det.

GRATULERER MED   Å EIGE EIT SÅ FINT OG GODT LAND!

Til lykke med å ha fred og demokrati, menneskerettar og trykkefridom!

Til lykke med  velstand  og rikdom ,i olja, som teknologi og dyktige ingeniøra har brakt fram i dagen!

Norge er eit av dei beste landa å bu i, og her bur du og eg!! Født her eller havna her. Her høyrer eg te, har rettigheiter,  pass,  gode levekår  og helsehjelp når det trengs. Er me ikkje heldige?

Å, så mykje å feire! Å, så mykje å takke for! Ja, me har all grunn til å vise glede 17. mai!

Ein heil dag kvart år brukar me til feiring. 17. mai  er barnas dag! Feiringa er våryr glede med barnetog og rik anledning til å synge dei fine nasjonalsongane me har.

Den som fekk i gang det fyrste offisielle barnetoget var Bjørnstjerne Bjørnson i1870. Jentene fekk lov til å delta 19 år seinare i 1889. Gutane bar flagg, jentene gikk med blomsterbukettar i starten.

Feiring av grunnlova hadde foregått sidan 1815, men i privat regi, blant dei kondisjonerte. Ein dansk kjøpmann i  Trondheim, Mattias Conrad Peterson, skal vera pådrivaren. Han gikk inn for ”en aarlig fest for tilvoxende Ungdom”. Så i 1826 dro tusenvis til Ilevollen i Trondheim. Der foregikk  den fyrste folkelige og offentlige 17.maifesten. Der gjekk dei i tog og song ”de nationale Sange, ledsaget av Hurraraab”.

I 1824 vart 10 års dagen for Grunnlova markert i Cristiania. Svenskekongen, Karl Johan, tok det som ein provokasjon mot Sverige, og han laga vedtak om forbod av  17.maifeiring. Karl Johan døydde i 1844,og etter det kunne dagen feirast fritt.

17.mai vart innstifta som nasjonaldag i 1836. Det var fyrste gongen Stortinget  feira dagen.

 I 1833 hadde Henrik Wergeland halde den fyrste offisielle 17.maitalen ved Krohgstøtta i Cristiania. Han vart ein helt etter det  og fekk æra for å ha ”innstifta da’n.”

I år er det 200 år sidan  grunnlovsentusiasten og 17. mai-patrioten Henrik Wergeland vart født. Det er han som har laga Småguttenes nasjonalsang:

Vi ere en nasjon vi med, vi små en alen lange.

Et fedreland vi frydes ved, og vi , vi ere mange.

Vårt hjerte vet, vårt øye ser hvor godt og vakkert Norge er;

Vår tunge kan en sang blant fler av Norges æressange.

 

Mer grønt er gresset ingensteds, mer fullt av blomster vevet

Enn i det land hvor jeg tilfreds hos far og mor har levet.

Jeg vil det elske til min død, ei bytte det hvor jeg er født,

om man et paradis meg bød av palmer oversvevet.

Enkelte vil kritisere og si at dette grensar til nasjonalisme med sjølskryt og sjåvinisme. Men her ser ein då korkje  militærparade, våpen eller anna militært utstyr.

--Berre ungar og vaksne kledd i sin finaste stas og med flagget i handa.

Tidlegare i dag var vi samla i kyrkja for å takke Gud for at Han har stått attåt og velsigna land og folk opp gjennom tidene.

Margrethe Munthe (1860- 1931)Ho ha skildra stemninga i si tid med 17.mai for de små:

17.mai  er jeg så glad i, moro jeg har fra morgen til kveld.

Da er det så du, om vi er små du, er vi med likevel.

Jeg roper hurra dagen så lang,  synger for Norge mangen en sang.

Og jeg, jeg kan du, elske mitt land du. Det skal du se en gang. 

So lenge eg gjekk på skula, var 17. mai den gjevaste dagen i året, den  overgjekk både joleftan og gebursdag. Men så var den fyrste feiringa mi i 45,  fredsvåren. Då hadde flagga vore bortgøymde i fem år, og all feiring var strengt forbode. Den  jubel og begeistring    som  losna med freden var heilt enorm. Flaggtog med unge og gamle, gjekk bortom DIESERUD og nordom Gamleheimen. Rektor Trøen steig opp på stabburstrammen, takka dei gamle med varme ord  for innsatsen og alt slit dei hadde nedlagt. Han svinga med studentlua :3x3 hurra. Hipp-hipp Hurra, hurra hurra! 

Det ein har opplevd, pregar ein for resten tå livet. Eg kan enno  kjenne klumpen i halsen, tåro i augekroken og klem for bringa når flagget blir heist, og når Ja, vi elsker blir spelt og sunge. Eller når eg kjem heim etter utanlandstur, og norskekysten dukkar opp  i synsranda: ”Furet, værbitt over vannet, med de tusen hjem.” Vakkert og variert er det, med fjordar og fjell, vatn, bre og vidder, djupe skogar og dyrka mark innimellom.

Per Sivle har skrive  dikt om: Vårt flagg.

Me heiser vårt flagg –for me er eit folk og eig oss vårt eige tun,

Der merket skal standa bolk etter bolk og lysa frå brun til brun.

Me elskar vårt flagg, der det stend på vakt og vinkar oss opp og fram.

Og aldri det skal med grunn verta sagt at me er vårt flagg til skam.

Og stongi me plantar ved hjarterot, og flagget skal vera ljos for vår fot, der Noreg det gjeng ifrå herjeherk til lukke og heidersverk.

 

Me heiser vårt flagg, for me er eit folk og hev som eit folk eit krav.

Og kjem det imellom ein brytningsbolk, så rid me den bolken av.

Og Han som gjev oss ljos og unner oss dag, Han vare vårt land, og Han vigsle vårt flagg!

Gjev sol, du Gud Fader, til folk og land og kveik oss ein heilhugsbrand.

 

Me står  i ein tradisjon , med blikk bakover i historia , og med draum og tanke inn i framtida. ”Å vera historielaus” er farleg og er ei negativ  nevning. Historia  er med på å gje oss identitet.  Notida er vidareføring av fortida, ofte eit resultat av noko som har hendt. Historia- Sagaen er viktig for å forstå den tida me lever i, og den ”senker drømme på vår jord.”

Far og mor og forfedrane før dei, har bygd landet, slete seg ut i kamp for føda, kjempa i krig, ja, mange ofra jamvel livet. Dei  la grunn for fred og velstand som ingen kunne drøyme om. Difor pliktar me som foreldre og besteforeldre å formidle kunnskap om slekt og tradisjon. Skula har sine historietimar når den tida kjem.

Som Bjørnson skreiv i ein annan song.:” Hun tok oss på fanget den gang vi var små og gav oss sin saga med billeder på. Vi leste så øyet ble stort og vått. Da smilte den gamle og nikket blott.”

Gamletida kan me også lære mykje om på Bautahaugen samlingar og andre muse. Her ligg det ein arv  som me pliktar å ta vare på for komande slekter. Mykje arbeid er nedlagt der allereide,  og me oppfordrast til å vere med ” å halda den arven i stand.”

Ivar Aasen minner oss om dette:

 Lat oss ikkje forfedrane gløyma under alt som me venda og snu.

For dei gav oss ein arv til å gøyma, han er større enn mange vil tru.

Lat det merkast i meir enn i ordi at me halda den arven i stand.

At når fedrane sjå at på jordi, dei kan kjenna sitt folk og sitt land!

 

Her i bygda har me hatt bekransning av bautaene for å minnast våre krigsmenn og  heltar.

Ingen stad er kyrkjegarden og gravene så fint stelt som i Hedalen. Der går mange smågartnerar og minnest sine.

 

Nasjonalsangen startar med ei kjærleikserklæring: ”Ja, vi elsker dette landet”,  syng vi den 17.  Stemninga er stor. Hjartet svulmar,og vi tek rektig krafig i når vi kjem til siste verset som sluttar med ei utfordring- eit nestenløfte: ”også vi når det blir krevet”,.

Elsker er av dei store orda, og løfter forpliktar. -Held dei vatn den 18?  Eller glir dei med fleskefeittet nedi halsen?

Eg har sunge orda, dvelt ved dei, og vøre så hjartans einig med diktaren. Lenge kunne eg utsetja oppfordringa til eg vart vaksen. ,-hvis det vart ufredsår.- Slik at det gjaldt utkalling til militærteneste, mobilisering, kamp eller valg av rett side  i konflikt for fridom og rettferd. Men når vart det min tur då?

 Eg er omsider komen til at

Elske mitt land = ei fredsvernande haldning og gjeld så lenge eg lever: Gjæra si plikt, bygge landet, betre levekåra og miljøet, laga trivsel rundt seg og hjelpe til med å gjera Norge til ein triveleg stad å bu. Vera eit redeleg menneske som gjer rett og skil for seg.

Eller slik Bjørnson si det:

Jeg vil verge mit land, jeg vil bygge mitt land.

 Jeg vil elske det frem i min bønn i mitt barn.

Jeg vil øke dets gavn , jeg vil søke dets savn

 i fra grensen og ut til de drivende garn.

Her er sommersol nok, her er sædejord nok,

 bare vi, bare vi hadde kjærlighet nok!

Her er diktende trang gjennom arbeidets gang

Til å løfte vårt land; blott vi løfter i flokk!

Byggje landet, ja.

Det er prisverdig å etablera  sin eigen arbeidsplass, og endå betre å utvida, slik at det blir   arbeid åt fleire. I Hedalen er det no mange slike gryndarar. Ei fjør i hatten til dei alle!

Ei fjør i hatten til bonden som held jorda si i hevd, dyrkar nytt, som moderniserar, byggjer og vøler husa, held seg oppdatert med nye måtar å drive på, og som overleverer garden i betre stand enn då han overtok! Heldig  er han om han då har fått barn som vil overta!

Så finst det  dei som held ut og trassar alder og sjukdom. Standhaftig og trufast held dei fast på tradisjonar. Slikt står det respekt av.

Også  ”de tusen hjem” er oppgradert. Reiser me rundt, ser ein  kor fint og velstelt det er jamt over. Fine hus. Ryddig omkring. Treplanting og blomeprakt i hagen. Flaggstanga på heidersplassen. Velstanden er synleg utvendig og!

 

 Ja, det er heimane som byggjer landet. Ungane er jo framtida! Den viktigaste oppgåva har du som mor og far i fostring av den nye slekta. Her blir grunnen lagt for haldningar, menneskesyn og innstilling til arbeid og ansvar. Så kjem skulen med meir fagkunnskap,

 Vår største oppgåve er å leggje til rette for ein trygg barndom og gje barn kjensla av å være mykje verdt, ja høgt elska! Dei treng mykje kjærleik, ein god skule og hjelp til ein god start i livet med yrkesopplæring og arbeid.

Vi veit at mange heimar  får problem. Tidsklemma slit på foreldra, og krava er store. Dei gjer så godt dei kan, men det er kjærkome med assistanse medan ungane er små.. Det har mange besteforeldre oppdaga. Oppsedingsjobben er ikkje slutt med eige kull. Hugs at den tida du brukar på barn, er investering for framtida!

 Her vil eg skyte inn ein ekstra takk til mi  mor og alle mødre. Dei har så visst vore med og kjempa for fedrelandet. Dei har hatt det største ansvaret for heimen, sytt for mat og klede og halde styr på ungeflokken. Vakt, trøysta, formana, oppmuntra,  gjett kjærleik og gjort sitt aller beste. ”Jeg vil elske det frem i min bønn i mitt barn.,” det kan passe på mors innsats for fedrelandet.

Framtida byr oss på mange utfordringar:   Me skal overlevere landet til barn og unge av i dag.  Får dei rein luft å puste i? Finn dei reint vatn? Slit dei med astma, allergiar og dårleg helse grunna forureining? Får dei tak i rein mat som det ikkje er brukt sprøytemidlar på?

Og kva med energikrisa?

Ja, men dette kan då ikkje me gjera noko med ? Ein dråpe i havet har då inga virkning!

Ikkje det? Har du hørt det latinske ordtaket :Det er dråpen som uthuler stenen?

Me er dei små dråpane, saman kan me dryppe til det blir ei betring i alle fall.

Eg er veldig nøgd med at renovasjonen er sett i system i vårt distrikt. VKR hentar søppela vår, avfall og skrot. Me blir utfordra til å sortere avfallet, rydde til gjenbruk, og brette kartonger til resirkulering. Dette er oppgåver for store og små. I min hushaldning har restavfallet minka  veldig etter at all plast blir sortert ut  i eigen sekk. Vekk med plasten, han forvitrar ikkje!

Å vera miljøbevisst er dagens trend! og energisparing! Om all sløkte lyset i tome rom og senka temperaturen om natta, ville det merkast på målaren og kanskje på strømregninga med. Og dette er berre dråpesparing!

 

Å vera nøysom og sparsommeleg  var i gamle dagar eit mål å trakte etter. Det stod jamvel i speidarlova . Etter mi meining lever me i dag eit samfunn prega av overflod og skamlaust sløseri.  Kjøp- og kastmentalitet rår.  Tenk å kaste mat og hive fullt brukbare ting! ville foreldra våre sagt.  Stakkars ungdom som lærer slike vanar!  Korleis skal pengane deira rekke til? Me har styrt i grøfta på ein måte. Er som nyrike som ikkje har tålt velstandsauken. Nyttar det å mane til moderat  forbruk for framtidas skuld, for jordas skuld?  Gjenbruksbutikkar ser ut til å spre om  seg. Klart det er behov for dei. Flott tiltak!

Hald  Norge REINT!

Kvar vår  har vi Ruskenaksjon og rydding etter vegane til 17,mai.. Om ei stund  finn ein flasker, boksar ,plast og papir der det ikkje skal  vera att. På Singapore får ein bot for slikt.

Det er ”in” å  utpeike miljøgater/miljøbygder i  inn- og utland. Det blir sett ut ekstra søppelkasser, planta inn blomar og tre til utsmykking og trivsel. Ein ser det er pent og ryddig og vil gjerne ha det slik. Skal me foreslå miljøgate i Hedalen , frå Dokka til Kjørkja i fyrste omgang? Bygdeutvalget avgjer.

 

MILJØbegrepet bør utvidast til TRIVSEL OG VELVÆRE  FOR ALLE SOM BUR HER.

Me vil ha eit inkluderande samfunn som er bygd på prinsippet om likeverd for alle. Kardemommebyloven er enkel og fullt brukbar: ”Man skal ikke plage andre. Man skal være grei og snill. Og forøvrig kan man gjøre hva man vil.”

Eg trur det er avgjerande for ei trygg framtid at våre nye landsmenn blir integrert mest mulig i samfunnet. Dei må trekkjast inn  i ein større samanheng. Me må innsjå at dei er komne for å bli. 2.- og 3.generasjons innvandrarar vil heite nordmenn og ynskjer å vera det. Hvis dei trivst, får arbeid og blir likestilt, blir dei gode nordmenn. Slik kan me kanskje leve fredeleg saman.

 

LØFTE VÅRT LAND-- BLOTT VI LØFTER I FLOKK, skreiv Bjørnson

Å ja, det er det som i Hedalen blir kalla dugnad det. Frivillig arbeid utan tanke på anna vinning enn auka trivsel for lokalsamfunnet. Denne bygda har heldigvis att mykje av denne gløden dei kallar dugnadsånden. Andre bygder misunner oss faktisk. Du har vel hørt sukket: Alt de får te i Hedalen!

Internettavisa, Hedalen. no, er vel eit slikt tiltak. Rart å tenkje på at vener i Amerika kan  lesa om det som skjer i bygda vår! Sida har varta opp med fleire gode skribentar og fotografar. No kan ein  halde seg informert og føle på bygdepulsen med eit tastetrykk eller to. Takk til alle bidragsytera og ein sers dyktig redaktør!

Siste vinning, av det dei får te i Hedalen, er skiløypene  på Myra og på fjellet. Den som har opplevd oppkjørte løyper etter alle snøfall i vinter, må berre bøye seg djupt og takke. De har gjort bygda til ein betre stad å overvintre i! Ein treng ikkje krype i hi alle 7 månadene. Eg sender ein god tanke til alle som har jobba for dette tiltaket kvar gong eg nyt ein skitur i dei fine løypene. Takk skal de ha! Kjørarane bør få betaling, ellers går dei vel lei. Håpar de finn ei løysing på det og.

 

Det finst så mange lag og foreiningar med ulike tilbod til barn, unge og eldre i Hedalen. Tilbodet omfattar  idrett og helse, sang, musikk og teater, skole, kultur, kirke og misjon, husflid, politikk, bygdeutvalg og utvikling. Dei skapar nettverk der ein får vener, opplæring og positive tilbod på fritida . Dette skapar so absolutt eit betre miljø for bygda.

 Leidarar og styre legg ned frivillig arbeid i årevis. Dei løfter i flokk får ein si!

 Kan du tenkje deg   Hedalen  utan lag  og foreningar?? Også vi når det blir krevet!

 

17.maikomiteen  det eine året vel komite for neste år. Den har mange oppgåver og får mykje å gjera. Nokon passar det aldri for, dei uteblir. Andre  tek ansvar og går på med liv og lyst. Ekstra hyggeleg er det å sjå at ungdommen finn sin plass i rekkene - dei har teke utfordringa: -også vi når det blir krevet!

Så vil eg nevne nokre som stiller opp kvart einaste år og har ein veldig travel dag 17.mai-- og så har dei  hatt mange treningsøkter i forkant. Musikkorpset! Eit er sikkert : Dagen vart ikkje den same utan denne dyktige flokken. Takk, Arild, til deg og flokken din for innsatsen! Takk også til Kjell Ivar med sangkoret! Lat det vera sagt: Me er so heldige som er sjølforsynt med song og musikk! Aktive Hedalstalenter let seg stadig utfordre. Dei boblar over med friske innfall og nye sprell- i kveld! Takk for at de spreider  glede og humør der de vankar!

 

Det er 3 måtar å tilnærme seg 17.mai på: Den aktive (du er med på programmet eller arbeider for fullt i komiteen ), den passive (du ser på andre ) og den likegyldig (du gjer blaffen og uteblir). Eg har prøvd alle tre, og kan absolutt bekrefte at den aktive tilnærmingsmåten er best, både for hygga,  samvitet, kjenslene og etterverknaden. Til kvelds skal ein vera så sliten at skoa må av, og beina må opp i infanteriststilling.  Ein er god og mett av pølser, lompe, brus, kaker og is. Er du dessutan  både hås og trøytt, er det gode tegn på engasjement, mykje song og ivrige hurrarop. Ha ein fortsatt hyggeleg  og aktiv 17.mai!!  

 Ha i minne: ”også  vi når det blir krevet!”