Sist oppdatert: 07.05.2008 21:26

Restaurering av dambu i Vassfaret

PRESSEMELDING FRÅ VALDRES NATUR- OG KULTURPARK
 

Valdres Natur- og Kulturpark og Norsk Kulturminnefond går saman om å støtte restaurering av dambu i Vassfaret.
 

”Vassfaret elvekasse” søkte 1.februar 2008 om kr  85 000,-  til restaureringa av ei dambua ved Nevlingen. Dei fekk 1. mai innvilga 69000- kr til tiltaket frå Norsk Kulturminnefond. Samstundes fekk dei kr 40000,- frå Valdres natur- og Kulturpark og Verdiskapings-programmet for kulturminne.

 

Dambua ligg innafor Vassfaret og Vidalen Landskapsvernområde, lengst sør vest i Sør-Aurdal kommune.

 

Kasserer i Vassfaret elvekasse, Bjarne Berg, seier dei er svært glad for støtta sjølv om dei ikkje fikk fullt ut det de søkke om. ”Elvekassa” har allereie leigt inn snikkar Tor Ola Skogstad, og reknar med at arbeidet kjem i gang neste veke.

 

Det ligg også ein stor eigeninnsats i tiltaket, og ”Vassfaret elvekasse” bidreg sjølv med kr 115000,- kr i eigne midlar.

 

”Vassfaret elvekasse” vil setje i stand dambua ved Nevlingsdammen med føremål å take vare på dambua. Bua skal nyttast som ”levande kulturminne”, og ta del i fløtingshistoria i Vassfaret mellom anna på årleg ”Brøtningsfestival” eller andre arrangement.

Bygningen er frå ca. 1910 og vil bli sett i stand slik den opphavleg er sett opp, utan særlege endringar. Valdres Natur- og Kulturpark ser på historia i Vassfaret som heilt unikt. Vassfaret er mellom anna einaste stad der det framleis vert fløta tømmer.

Verdiskapingsprogrammet for kulturminne i Valdres har sidan prosjektstart vore interessert i at fløtingshistoria kom aktivt kom med i Verdiskapingsprogrammet, og vi er derfor glade for å støtte tiltaket, seier kulturminnekonsulent Katharina Sparstad i Valdres Natur- og Kulturpark.