Sist oppdatert: 25.12.2009 21:49

Kjellaug Kjensrud mimrer
Jul for 60 år sea

 

Juldagen

Ingen skulle gå bort før etter messetid. Og då berre til den næraste familien.

Eg hadde stunda til turen til bestemor og bestefar, for då kom bestefar med Bruna og henta oss. Ho var pynta med dombjøllekrans. Den ga ein så sprø og fin lyd. Klangen sit framleis i øyro. Når Bruna fekk god fart, sputra det snøklankar rund oss, som sat i sluffa. Men det gjorde ingen ting, for eg hadde fått ny luve. Den var sydd av skinnet til kaninen eg hadde fora om sommaren.

Bestemor møtte oss i portalen, i kvitt forkle med ”smykke”. Juletreet på Bøle var heilt spesielt. Irrende grønt, og veldig smalt. Juletrefoten av tre var rund, og vart halde opp av tre nissar som stod på kne. Juletrepynten var glasfuglar og flortynne kuler festa med klyper. Så fin pynt hadde eg ikkje sett før! I toppen var det ikkje stjerne, men eit spir av tynt glas.

Det beste minnet eg har frå gjestebøet, er sirupssnippane hennes bestemor. Regelmessige og fine med ein halv, skålda mandel på midten.
 

 


Juletrepynt

 

Romjula

Det var vanleg at grannane gjekk omkring til kvarandre i jula. Fast tradisjon var sparkturen til til Øyhus, der eg hadde både ei bestemor og ei oldemor og fleire andre slektningar.

På Øyhus var det like stort kjøken som heile huset vårt heime! Der stod juletreet midt på golvet og rakk heilt til taket. Det var så god plass at vi unga kunne både springe og leike rundt det. Sjøl om elektrisiteten var komen den gongen, hadde alle juletre stearinlys.
 

 

Levande lys…

 

Kjøkenet hadde peis, med svartomn som dei fyra i. Dragbenk og stugguklukke. Stort kjøkenbord med to veggfaste benker innom bordet. Roskåp i hjørnet. Resten av langveggen hadde arbeidsbenk. Fire småruta glas på dei to ytterveggane.

Berlinerkransane til Borghild-faster var makalause. Å baka dei var inga hastverksarbeid. Like mange kokte eggeplommer som råe, og dei måtte knuast så det ikkje vart ei einaste kroto. På bordet ser eg for meg 3 djupe tallerknar, den fyrste med piska eggekvite, den andre med finhakka mandlar, og den tredje med støytt sukker. Å støyte sukker i mortaren var småjentearbeid.

 

I staden for fjernsyn stod vi for underhaldninga sjøle. Far hadde med althornet sitt, Arne-fader spelte ess-tuba. For å få dette til å bli musikk, måtte vi andre synge.

Og så gjekk vi rundt juletreet og song julesongar.

 

Olaus-mobro var forsongar.:

”Ho mor ho kveikjer alle ljos,

dei skin i kvar ei krå,

for heile verda, seier ho,

skal jolestjerna sjå.”

 

Eller:

”Å, det var heilage joleftakveld…”

Ein anna tur i romjula kunne koma i stand om ei grannekjering baud seg til å ta fjøsstellet eit døgn. Då gjekk til turen heilt til Skjærstein, nesten nede ved Etna stasjon. Turen starta på isen over Begna. Vi gjekk temmervegen opp Skarabakko, der det no er bilveg. I Skaro møtte vi onkel Ola med Blakken. Turen gjekk over heile Leirskogen før vi svinga inn på tunet. Vi satt lunt og godt i skinnfeller.

Som til Øyhus var det like stort å koma hit. Nattelosjiet mitt var i dragbenken på kjøkenet. Der hadde eg god oversikt, når tante Maria på sin stillferdige måte nørde i omnen og kokte dagen fyrste kaffetår før dei skulle til fjøset.

Eg som var vand til fjøs med to kyr, syntes fjøset på Skjærstein var enormt!

 

Også her laga vi underhaldninga sjøl, og vi nytta både dag og kveld til å utfålde oss både med leik og ”teaterkunster”.  Dei tre søskenbarna mine var alle gode til å imitere, ei populær tidtrøyte! Alle, gamle som unge, var med og leika. ”Låne, låne mormors grynsold”, ”Selja bukkekjøt” og ”Staven ligg” var alle populære leikar.