Sist oppdatert: 04.02.2009 16:44

– Urealistisk med storskole

ARNE HEIMESTØL
  – Det er heilt urealistisk å få til ein storskole for alle grunnskoleelevane i Sør-Aurdal. Økonomien set ein stoppar for det. Dessutan vert reisetida, med dei vegane vi i dag har, for lang for mange av elevane,  seier Arvid Berg i Tverrpolitisk kommuneliste.

Fleire har teke til orde for å utgreie ein felles skole for alle grunnskoleelevar i Sør-Aurdal. Dette vert truleg tema når kommunestyret skal drøfte innsparingsmåla det ser ut til at alle partia er samde om.

Oppvekstgruppa drøfta også dette temaet, og her kan ein lese kva dei skreiv i rapporten sin:

5.2 Alternativ 2: Ein sentralt plassert skule
Ideen om å byggje ein skule for heile kommunen som husar rom for både barnehage og SFO, og er plassert sentralt i kommunen sett i forhold til
gjennomsnittleg reisetid, er truleg ikkje ukjent i det politiske landskapet i Sør-Aurdal. Tanken er her å byggje eit større anlegg som og husar uteareal til idrett og friluftsliv. Eksisterande bygg vil bli seld og/eller rehabilitert til anna kommunalt bruk.

Med det tidsperspektivet omstillingsprosessen har sett av, vil bygginga av ein slik skule måtte leggje til rette for midlertidige løysingar i forhold til bruk av dagens skulestruktur undervegs i byggjeperioden.

5.2.1 Kostnader
Ein skule slik denne strukturmodellen skisserar, er stipulert til å kome på om lag 150 mill. kroner. Omrekna i kapitalutgifter med 7 % rente, vil dette utgjere om lag 17,5 mill. kroner pr. år. Utgifter til infrastruktur, dvs. veg, vatn og kloakk, er ikkje teke med i dette overslaget. Det same gjeld utgifter til anten innkjøp av nytt inventar, eller frakt og gjenbruk av det som alt finst på skulane, og auken i skysskostnader. Til frådrag kjem ca. sju mill. kr i innspara lønsutgiftert, inkludert kostnader til administrasjon, og ”fritak” frå utgifter til vedlikehald av eksisterande skulebygg.

5.2.2 Finansiering
Regjeringa har i inneverande budsjett gjeve kommunane høve til å ta opp rentefrie lån i ein åtteårsperiode. Detaljane i ei slik ordning er ikkje heilt klarlagt, men rådmannen opplyser om at Sør-Aurdal truleg kan pårekne å låne om lag 12 mill. kroner totalt, dvs. 1,5 mill. kroner pr. år. Skulle kommunen ha økonomisk ryggdekning til eit slikt løft, ville det imidlertid vore naudsynt å gjennomføre ytterlegare årlege innsparingar på mellom 16 og 17 mill. kr.