Sist oppdatert: 15.05.2009 16:54

Slit du – eller kjenner du nokon som slit?

MARI BERGUM
  Barne- og ungdomskontakten minnar om www.psykisk.no, ei side som handlar om ting som kan vera vanskeleg for barn og ungdom. Her finn du gode råd om kva du kan gjera om du har kjærleikssorg, om du blir mobba, om du kjenner nokon som skader seg sjølv, om du har dårlig sjølvtillit og mykje anna.  

Eit viktig råd er å fortelja nokon om det som er vanskeleg! Det kan vera ein lærar du har eit godt forhold til, helsesøster, mamma og pappa, ei god venninne. Eller barne- og ungdomskontakten. Eg er lett å få tak i, ring eller send ei melding  til 91 66 33 08, du kan også sende ein e-post til mari.bergum@sor-aurdal.kommune.no

Du bestemmer sjølv kva du ynskjer å fortelja, og det treng ikkje vera noko alvorleg. Nokon gonger er det godt å ha nokon vaksne å prate med om ting som for eksempel venner, familie og skule. Om du vil møte meg, avtalar vi ei tid som passar, det kan vera i skuletida, etter skula eller på kvelden.  

Ta kontakt! Ingenting er for dumt å spørja om!