Sist oppdatert: 05.05.2009 18:25

Vårtankar

GUNVOR HEIENE

”Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord. Og atter som eit under nytt liv av daude gror.” Ja, dette, som står i den kjende salmen til Elias Blix, kan eg slutte meg til.

Siste veka i april var vi på hytta vår i Solund (Ytre Sogn). Der fekk vi oppleva våren. Bjørka var utsprungen, plenen vart klipt, påskeliljene stod i fullt flor, kvitveisen låg som eit kvitt teppe over marka, rhododendronbuskene  begynte å bli raude, og plommetrea sto kvite av blomster. Bortsett frå noko sur vind i starten, hadde vi strålande sol og stilt, fint vær heile veka. Vi kunne sitta på verandaen og kjenne sola steike, høre bølgjeskvulp mot stranda og sjå sjøfugl som leika seg ved og på fjorden. Det blir nok egg og ungar i år og -.

Og på nabogarden hadde ei lita jente kome til verda for nokre veker sia. Det var overraskande og fint å sjå henne og halda henne i armane mine. Da måtte eg tenke på Gerd Grønvold Saue sin salme:

”Det skjer et under i verden hver gang et barn blir til,
over det gryende livet, lyser Guds skapersmil.

-

Det skjer et under når barnet møter oss hud mot hud,
øynene speiler Guds himmel, gir oss et glimt av Gud.” 

Da vi reiste heimanfrå, låg det snø på plenen ennå, men heimkomen kan eg seia som Aasmund Olavson Vinje:  ”Enno ein gong fekk eg vetren at sjå for våren at røma.” Nå blømer  krokusen her og. Det er bitte små museøyrer på ei av bjørkene, og snø er det berre der det har kome ned frå taket i vinter. Snart blir det både påskeliljer og tulipanar her og. Ein kan berre gleda seg til graset kjem og ein må ta fram plenklypparen - -.

Kvar vår blir eg like imponert over livet både i naturen og i oss menneske. Om alderen sig på og eg ser hausten nærme seg i mitt eige liv, tenker eg på Elias Blix sine ord:

”Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong,
då me med vigsla tunge, med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge skal lova Herren vår!”