Sist oppdatert: 18.06.2010 11:35

Korseminar for tenåringar måndag 21. juni

HELGE HAFSÅS
 

I samband med oppstart av ten-sing i Sør Aurdal har vi gleda av å invitere alle frå 13 år og oppover til eit heidundrande korseminar.  Her kan dei som vil lære korsong, spele i band, drive med lyd og lys, komme. Og  med oss har vi ungdomskoret Respons frå Ålesund. Dei er 80 stk og har sitt utspring i Emblem bedehus.

 

Det vil vere seminar frå klokka 10.00-ca. 15.00 måndag 21. juni, og her vil ein lære nye songar, og ein vil få sjå korleis dei har bygd opp koret sitt.

 

Samtidig er dette eit kick-off og ein oppstart for tensingkoret vårt, og eg  håpar mange tenåringar melder seg frå Nes og frå heile Sør-Aurdal, for dette er noko du ikkje bør gå glipp av. Påmelding kan skje til kyrkjekontoret i Hedalen eller til ungdomsarbeidar Helge på mobil 99 10 85 96.
 

Seminaret blir avslutta med konsert i Begnadalen kyrkje måndag kveld klokka 19.30, og her er det ope for alle aldersgrupper. Velkommen!