Sist oppdatert: 12.10.2010 17:52

Kjøtproduksjon og klimagassar

LEIF JARLE ASHEIM OG LARS OLAV EIK
 

Matvareproduksjon fører til utslepp av klimagassar  av varierande omfang. Jamt over er utsleppa mindre til lågare ein er i næringskjeda slik at det vil vera mindre utslepp i ein kornbasert diett enn når det er mykje kjøt på tallerkenen.  Difor blir konsum av raudt kjøt, og særleg storfekjøt,  av enkelte fordømt i sterke ordelag.

 

Rådande metodar med å stue dyr saman i industrielt fabrikklandbruk og oppbevare gjødsla i store, gjerne utandørs, lager eller å snauhogge regnskog for å dyrke husdyrfôr, medfører ofte store utslepp. Men det er stor skilnad på korleis kjøt blir produsert. Produksjon på beite, gras og anna grovfôr, er annleis, og det kan vel vere at ein kjøtetar som er bevisst på dette, har ein klimavennleg diett som toler jamføring med vegetarmat.
 

Samanhengen mellom kjøtproduksjon og global oppvarming krev at ein ser på både karbondioksid (CO2), metan og lystgass som blir vege saman i CO2 ekvivalentar. Jamføring må gjelde heile produksjonssystemet, ikkje berre enkelte element, og samanlikninga må ha eit globalt perspektiv. Det hjelper ikkje om redusert utslepp i ein region medfører større utslepp andre stader.

Globalt er CO2 den viktigaste klimagassen med 76,7% av brutto menneskeskapte utslepp medan (CICERO) metan utgjer 14,3 % og lystgass m.m. 9 %.   Det meste  av CO2-utsleppa, 56,6 %, skriv seg frå forbrenning av fossilt brennstoff, men heile 17,3 % kjem frå snauhogging av skog og nedbryting av biomasse.
 

Val av tidshorisont har og mykje å seia fordi metan vert raskare nedbrote i atmosfæren enn dei andre gassane. I utrekningar for klimautslepp vert gjerne nytta ein tidshorisont på 100 år. Er tidsramma 500 år,  blir  verknaden av metan redusert med ca. 70 %. Med perspektiv på 20 år blir metan innpå 3 gonger så viktig som ved 100 år.
 

Ein viktig del av verdas matvarerelaterte CO2-utslepp stammar frå snauhogging av regnskog for å skaffa plass  til fôrproduksjon og beitemark i t.d. Brasil, India, Indonesia og andre utviklingsland. I Brasil vert skog fjerna for produksjon av soyabønner som blir eksporterte til bruk som dyrefôr og til matvarer, noko som medfører utslepp ved transport og foredling.

I industrielt husdyrbruk, der ein har dyra i bygningar med mekaniserte system for fôring, lys, ventilasjon og handtering av gjødsel, blir det gjerne, om ikkje alltid, brukt store mengder soya og anna oversjøisk kraftfôr.

 

I moderne landbruk og matvareproduksjon er utsleppa av CO2 også relatert til bruk av drivstoff for traktorar og maskiner og ulike transportoppgåver for innsatsfaktorar og produkt. Samla utslepp av CO2 frå landbruksproduksjon i verda er pt. sannsynlegvis noko viktigare enn metanutslepp frå husdyr.
 

Storfekjøt treng ikkje produserast slik om ein t.d. nyttar kastratar eller kviger som går på beite, inntil halve året her i landet, og ein brukar lite maskiner og enkle bygningar. Ein kan også bruke lokalt produsert kraftfôr og lite soya og bidra minimalt til snauhogging av regnskog. Faktisk kan det vere vanskelegare å unngå soya frå snauhogde område for vegetarianar som er avhengige av soya for protein, for produkta er ikkje alltid merka.
 

Ein stor del av dei menneskeskapte metanutsleppa kjem frå rismarker. I husdyrbruket kjem det i tillegg frå husdyr (raping) og frå open oppbevaring av flytande gjødsel. All produksjon av kjøt medfører metanproduksjon, men kor viktig det er varierer. Mykje av problema med metan oppstår truleg når dyra får låg kvalitet på fôret, og det kan ifølgje forsking ved University of Armidale reduserast ved å tilsetje protein i lag med melasse og urea.

Visse salt kan og gje god reduksjon. I følgje forsking ved University of Lousianna kan utsleppa av metan reduserast om dyra jamnleg blir rotert over på friske beite. I kva grad slike resultat kan overførast til Noreg, er uvisst, men intensiv skiftebeiting kan ein praktisere delar av årstida her i landet. I sauehaldet er friske beite sikra ved at dyra fylgjer groen til fjells ettersom snøen smeltar.

 

Del 2 av denne artikkelen vert publisert seinare denne veka.