Sist oppdatert: 14.10.2010 21:23

Kjøtproduksjon og klimagassar

LEIF JARLE ASHEIM OG LARS OLAV EIK
  Matvareproduksjon fører til utslepp av klimagassar  av varierande omfang. Jamt over er utsleppa mindre til lågare ein er i næringskjeda slik at det vil vera mindre utslepp i ein kornbasert diett enn når det er mykje kjøt på tallerkenen.  Difor blir konsum av raudt kjøt, og særleg storfekjøt,  av enkelte fordømt i sterke ordelag.

Les første del av artikkelen her.

Viktigaste argumentet for å nytte meir beite og grasland ved produksjon av raudt kjøt er at det kan fungere som karbonreservoar og binde vesentlege mengder karbon i jorda. Forsking, sitert i NILF-notat nr 21 2008, viser at meir enn 10 prosent av karbonet i biosfæren finst i grasmark. Ei EU- undersøking vista at lagring av karbon i grasmarka vog opp for metangassen i ni undersøkte gras og drøvtyggarsystem slik at systema var klimanøytrale. Årsaka er at grasmark har levande røter og stubb og vert hausta på eit grønt stadium mens åkervekstane har lange periodar med karbontap etter såing, modning og hausting. Det er påvist nedgang i karboninnhaldet i åkerjord her i landet, sjølv etter mange år med åkerdrift. Omlegging frå åker til beite og grasmark reduserer erosjon frå vatn og vind og har positiv effekt på plantemangfaldet og ofte også vasskvaliteten og vasshushaldet i jorda.

I ein artikkel i  Time magazine med tittelen “Save the Planet: Eat More Beef” argumenterer forfattaren for drøvtyggarar for å omdanne gras til matvarer og samtidig oppretthalde ein produktiv grasdekke som kan bidra til å lagre store mengder karbon i jorda. Men storskala kraftfôrbaserte produksjonssystem for storfekjøt resulterer i høgare utslepp. Her i landet er mesteparten av storfekjøtet produsert på oksar i relativt intensive system sjølv om meir grasbaserte system kan vere fordelaktig. Også for småfe er det ein klar tendens til intensivering og mindre bruk av gardens  ressursar.

Siste bidraget til klimagassutslepp frå produksjon av mat gjeld lystgass, i hovudsak frå produksjon og bruk av kunstgjødsel. Lystgass frå husdyrgjødsel er og ei viktig kjelde. Men ved å ete kjøt frå dyr som får lite kunstgjødsla fôr og eventuelt frå driftsformer med lite og målretta bruk av kunstgjødsel, kan ein redusere dette.

 

På den andre sida kan det raskt bli arealmangel om mykje areal vert omdisponert til økologisk landbruk. I ein situasjon med ressursmangel er det neppe noko farbar veg. Men store areal,  spesielt i fjellbygdene, på Vestlandet og i Nord-Noreg kan berre nyttast til gras og beite og har ikkje alternativ verdi til jordbruksvekstar.
 

Ingen, verken vegetarianarar eller kjøtetarar, kan heilt unngå mat som medfører noko utslepp. Det er mange måtar å redusere våre individuelle bidrag til klimaendring gjennom val av mat, og fordi det er ressurskrevjande å produsere kjøt, høyrest det fornuftig ut å redusere kjøtinntaket. Men det kan bli store variasjonar i drivhuseffekten for nokolunde same kosthald. For dei som ynskjer å halde fram som kjøtetarar og samstundes ta noko omsyn til dette, kan det vere grunn til å gå produksjonsmåten nærare etter i saumane. Beite- og grovfôrbasert kjøt kan vere fornuftig om ein skal ha klimavennleg kjøt og legg vekt på driftsformer som fremjar karbonbinding i jorda. Men at overbeiting kan føre til erosjon og tap av karbon, ser ein og døme på mange stader i verda.
 

Det er mykje usikkerheit kring denne forskinga, kanskje særleg spørsmålet om korleis vegetasjonen på lang sikt reagerer når mengdene CO2 i lufta aukar. Bøndene har og berre litt av skulda for klimagassutslepp frå produksjon av mat. Mykje skuldast transport, foredling, lagring og matlaging.

 

Mykje mat blir og kasta, både i industri og detaljhandel, og konsumentane kan redusere bidraget til global oppvarming ved å kaste mindre mat. Mat som er minimalt foredla,  sesongvarer og lokalprodusert mat er generelt mest klimavennlege, men regelen er ikkje absolutt.
 

Det er sjølvsagt og stor usemje om kor viktig temaet er, vi har både klimafornektarar, skeptikarar og klimaforkynnarar. Mange meiner i tillegg at klimaet her i nord er så kaldt at noko klimaoppvarming, menneskeskapt eller naturleg, er berre bra. I eit kort perspektiv er særleg utsleppa av metan viktige, men på lengre sikt vil nedbryting av metan gjere at det har mindre å seie.  

 

Ein bør kanskje ha eit langsiktig perspektiv på dette og da er det nesten ingen grenser for kor store mengder karbon ein kan binde i jorda om ein gjer det rett. Eller som det seies: ”Du skal leve som om du kjem til å døy i morgon, men drive ditt jordbruk som om du kjem til å leve for alltid”.

Leif  Jarle Asheim er forskar i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Oslo.
 

Lars Olav Eik er forskar ved Noragric ved Universitetet for miljø og biovitenskap  (UMB), Ås.
 

Kjelder:

CICERO fakta ark: www.cicero.uio.no/webnews/index.aspx?id=11146.

Time: www.time.com/time/magazine/article/0,9171,1953692,00.html

Fôring: www.ciesin.columbia.edu/docs/004-180/004-180.html

Beite: http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/12549566

http://www.nilf.no/Publikasjoner/Notater/Bm/2008/N200821Hele.pdf