Sist oppdatert: 24.04.2011 17:19

Preike ved gudstenesta 1. påskedag

SIGNE ELISABETH KVAALE
 

Preiketekst Matt 28,1-8:


Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. 2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. 3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. 4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. 5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. 6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! 7 Skund dykk av stad og sei til disiplane hans: 'Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.' – No har eg sagt det til dykk.»
8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til disiplane.


Påskedag - er litt stor for meg… kjenslene strekk ikkje til…

Det fantastiske, det salige, det vidunderlige som eg høyrer- det fører kun til beherska jubel og eit avmålt halleluja.

Hadde eg ikkje hatt salmane til hjelp hadde eg ikkje hatt verken ord eller uttrykk for glede, takk og tilbeding.

Det som vart oppfylt påskedags morgon- det var meir enn nokon hadde drøymt om, meir enn nokon hadde bedt om…

Guds eige råd og hans eigen plan i hans eigen time.
Føresagt av alle profetane, i alle skriftene, av Jesus sjølv, men kven kunne fatte det?

“Påskens engler” er navnet på ei fortelling av Bob Hartmann. Fann den på dansk.
I denne fortellinga høyrer vi om korleis skytsenglen “Kandriel” sit på berget over Jesu grav sammen med ein liten grå skygge av ein engel - dødens engel, som ber namnet ødeleggaren. Det er midt på natta. Dei har fått ei oppgave, men dei veit enno ikkje kva den går ut på. Ikkje anna, enn at de skal bli sittande og vente til det blir morgon og dei ser to kvinner komme ut til grava. Dei to kvinnene er eit teikn og når englane ser det teiknet, må dei lese den ordren som gøymer seg i papirrullen som dødens engel har med seg.
De sidder altså der sammen i mørket. Kandriel, skytsenglen, som er stor og stærk og ved siden af ham ødelæggeren, som er lille kedelig og grå at se på. De taler om deres erhverv. Dødens engel lytter med tristhed og misundelse til, hvordan skytsenglen hele tiden bliver sat til at redde folk. Og hvordan han igen og igen møder glæde og taknemmelighed.
Dødens engel får kun triste opgaver. Han bliver hele tiden konfronteret med menneskers frygt, sorg og savn. Hans tristhed bliver endnu tættere, da de kommer til at tale om, hvordan han døde, ham, hvis grav de sidder på.
“Jeg så det ske, sagde skytsenglen Kandriel. Jeg så ham dø på korset. Jeg siger dig: Hele vores englehær var klar til at bryde igennem himmelen, banke soldaterne sønder og sammen og redde ham. Hive korset op, flå det lige op af jorden - det er, hvad vi gerne ville have gjort.
Men de ville ikke lade os gøre noget. De sagde, at signalet var nødt til at komme fra ham.
Og signalet kom aldrig.
Dødens engel vendte sig mod Kandriel. “jeg kiggede ikke” sagde han. “jeg kunne ikke. Jeg har set alt for meget død allerede. Jeg er sikker på, han havde en grund. Det må han have haft. Men det gjorde det ikke spor lettere. Han led. Det ku’ man se. Men det var ikke det værste. Det værste var alle de farveller og al den sorg og længsel som var mærkbar overalt.
De to engle sidder der på Jesu grav indhyllede i triste tanker, da de pludselig får øje på kvinderne.
Det er signalet, sagde Kandriel. Det er tid til at læse vores ordrer. Og ordrerne lyder, at Kandriel skal rulle stenen væk. Luk hans grav op og vis verden, at han, som døde på korset nu er levende - for evigt fri af dødens bånd.
Dødens engel venter med gru på sin opgave, men den viser sig at være helt ny og anderledes. “Nogen er nødt til at fortælle kvinderne, at den, som de savner er i live” lyder det “og hvem er vel bedre til at dele denne nyhed med dem end en, der forstår deres tristhed og tab?”
Det tog knap nok et sekund. Kandriel smed ordren fra sig, sprang ned fra graven og rullede stenen bort. Dødens engel var lige bag ham, klatrede ind i graven efter ham. Den var tom. Graven var tom.
Da var det, at Kandriel så sin partner skifte udseende. Soldaterne sagde det var et jordskælv. De sagde, at de så et lynglimt. Men Kandriel vidste bedre, end som så. Den lyd, der gennembrød morgenstilheden, var en trist hvisken, der eksploderede i et råb af glæde. Og lyset, som lammede soldaterne, var en uhyggelig grå skygge, der med et blev til et hvidt lys.
“Han er her ikke. Han er opstanden. Han lever! råbte ødelæggeren til kvinderne.
Og dødens engel blev herefter for altid til livets engel.
Slik sluttar Bob Hartmann si påskefortelling. Død blei til liv. Smerte til glede. Ei forvandling, som vi somme tider kan kjenne igjen i våre eigne liv.
…………………
Kva om me ikkje hadde hatt påskedag?

Kva om skjertorsdag og langfredag var slutten? Kva var igjen?
-Påskemåltidet på skjertordag, der nattverden vart innstifta, det kunne fortsatt brukast, eit minnemåltid.
-Alle forteljingane, all nyttig informasjon
-Alle under kunne gje litt trøyst

-Men hadde me hatt håp?
Eit velgrunna håp, gitt av nokon med makt og myndigheit til å innfri håpet?

Kva er håp?
I dag las me om kvinnene som kom til grava. Kva håpa dei på? Berre å finne liket og få stelt det etter skikk og bruk. Håpa å få vist det i alle fall den ære og respekt. Håpa å få gråte og sørgje i den fortvila situasjonen.

Læresveinane hadde truleg ikkje noko håp i det heile. Dei hadde gløymt alt Jesus hadde sagt, eller tolka det annleis eller ikkje forstått eller dei sørgde så tungt og var så redde.

Ingen av dei venta seg oppstoda! Ikkje eingong dei som sette vakter, romerske soldatar, og ein diger stein framfor grava! Likrøveri var sannsynleg, ikkje oppstode!

Kvinnene var vitne til underet. Dei sprang derifrå og var samstundes redde og jublande glade. Det er kanskje slik ein reagerer på det uventa håpet når alt er svart.

Kva er håp?
Det finst mange ulike håp; vinne i lotto eller vente på at nokon skal bli frisk.
Håp må nærast og haldast levande, på same måten som me legg i ovnen for å halde varmen.
Me må snakke om håpet, formulera det, drøyme, ynskje og be.
Eg har sett håpet!
Eg har sett det hjå dåpsforeldre som med håp i blikket legg barnet sitt i Guds hender for at det skal bli hans barn. Som håpar på ei god framtid for barnet sitt, for framtida kan sstundom sjå mørk og håplaus ut.

Eg har sett det når dødsangsten slepp taket hjå ein som skal dø, og freden får senke seg over dei siste timane eller minutta av livet. Det er ikkje angst som kan meistre døden, det er håp. Håpet om eit nytt liv i ei ny verkelegheit der.

Eg har sett det når synder er bekjent. Når eg stiller spørsmålet: trur du at mi tilgjeving er Guds tilgjeving? Og svaret her skal vere ja! Då seier eg: Det skal vere slik du trur. Då skin håpet fram, håpet om eit betre og lettare liv her. Her som liva våre og relasjonane våre blir ødelagde av så mykje herk.

For kva skjer om me misser håpet?
Det vert mørkt og kaldt rundt oss som når elden dør ut i ovnen.
Me må håpe mot alle ods. Håpet er ikkje alltid realistisk begrunna, håpet overgår det sannsynlege. Håpet er vårt einaste middel mot fortvilelse. Å vera verkeleg håp-laus, å ikkje eiga håp- det er ei svartare tilvere enn daglegtalen vår tyder på.

Ofte har me ikkje heilt klare forventningar om kva som er oppfyllelsen av håpet. Har du spelt lotto er det jo enkelt, men. Det kristne håpet- kva er det?
Seier over døden, makt over det vonde, makt til å gjere under, evig liv
Dette vann Jesus på krossen, og dette gir grunn til håp

At oppfyllelsen går over all forventning; forskjellen på lottogevinst og evig liv
Å bevare håpet når det me håpar ikkje skjer her og no

Det er det berre påskedag som gjev grunn til!