Sist oppdatert: 19.12.2011 09:49

Glimt frå ei adventshelg

TEKST: ARNE HEIMESTØL
BILETE: VEGARD FINSRUD OG ARNE HEIMESTØL
 

Dette vert eit oppslag med personleg preg. Her fortel eg om helga – slik eg har opplevd henne. Grammatikk, Jungelboken, rådyrbesøk og julekonsert er noko av det eg er inne på.

Laurdag morgon starta med ei totimars økt framfor datamaskina. Nokre vil seie eg er rar, men eg synest faktisk det er skikkeleg triveleg å arbeide med grammatikksider. I desse dagar held eg på med ordklassen determinativ. Bokmålsversjonen kan snart sendast til kvalitetskontroll.
Nynorskversutgåva krev meir arbeid, for frå 1.8.2012 vert det innført ny rettskriving. Sjå denne sida om eigedomsord.

Visste du at dykkar og dokkar vert sidestilte bestemmarord? Vi kan lure på kva som vil skje med høfleg tiltale. Kva skal Elling seie dersom kong Harald kjem til Hedalen ein gong til? Dykkar Majestet eller Dokkar Majestet? Ja, det lurar eg på om dagen. ;-) Kva trur du, Eldor?

Jungelboken
Eg fekk med meg premiere av "Jungelboken" laurdag ettermiddag. Det var ei stor oppleving! Mi rolle var å ta bilete. Kjellaug forfatta omtalen, og då forestillinga var ferdig, bar det rett heim att for å lage oppslag. Dette var klart til publisering seint laurdag kveld, og ettersom eg ville at det skulle fungere som ei oppfordring til å få med seg den siste forestillinga søndag kveld, vart oppslaget lagt ut kl. 22.00.


Bodil imponerte med flott song!

Ny dag
Søndag morgon hadde eg ei ny økt på redaktørkrakken. Løypesjef Line W. Mork hadde sendt sms som fortalde at Harald hadde vore ute med løypemaskina. Dette måtte varslast, og ein ekstra notis om kva som elles skulle skje denne dagen, kom på plass.

Oppslaget var knapt publisert før min gode ven, Per Harald, var på tråden. Han kunne fortelje at han hadde planar om å gå runda rundt Muggedalen. Eg vart sjølvsagt med, og sjølv om det var lite snø, gjekk det flott å gå på ski. Takk til løypelaget som helg etter helg syter for flotte løper i Hedalsfjella!


Arkivbilete

Vel heime var det tid for å få seg middag og begynne å planleggje oppslaget som skulle ut måndag. Frå Vegard Finsrud fekk eg laurdag desse flotte vinterbileta.

Tre rådyr
Klokka 15.00 fekk eg besøk i hagen. Tre rådyr hadde lyst på mat. Dei måtte vere svoltne, for her vart det snart tomt for potetskrell. Til og med juleneket som eg har hengt opp i eit tre, begynte dei på ete av! Blitslysa såg ikkje ut til å skremme dyra vekk.

Julekonserten
Klokka 16.00 var eg på plass i kyrkja. Hedalen sangkor og Hedalen musikkorps hadde invitert til julekonsert. Også dette vart ei sterk oppleving. Caroline og Halvor song duett på "Pie Jesu". Musikken stod korpset for. Dette klang vakkert, og eg kunne sjå at det som vart framført, gjorde inntrykk på kyrkjelyden.

Visste du forresten at Caroline har hatt travle dagar i det siste? Torsdag spelte ho for kommunestyret. Laurdag og søndag var ho på scena i "Jungelboken". Vi gløymer ikkje at Halvor er med i Sølvguttene...


Mina og Inger Marie framførte "Mitt hjerte alltid vanker" med både sang og spill.

Renate Tuveng har flytta til bygda. Ho er leiar i både Fargernes musikkorps og Hedalen musikkorps. Det er ingen tvil om at ho har tilført begge korpsa mykje. Kornettspelet hennar er rett og slett imponerande!

Sangkoret er ikkje stort, men dei hadde mykje å gje.

 

Soknepresten hadde vorte sjuk og kunne ikkje halde andakten. Det let seg løyse. Anne Storruste tok utgangspunkt i "Deilig er jorden" og reflekterte over korleis folk gjennom tidene hadde kome til kyrkja vår. Tidene endrar seg, men evangeliet er det same til alle. "Aldri forstummer tonen fra Himmelen."

Heim til jul
Eit lite tidshopp må eg ta. På veg inn i kyrkja møtte eg ei smilande Silje Kulterud. Ho kunne fortelje at ho til vanleg held til i Argentina. No er ho heime på juleferie i Hedalen. Det kjem meir frå Silje på Hedalen.no i jula.

Til for kvarandre
I Hedalen har vi ein sterk delekultur. Tenk på kor mange som har vore med på å gjere noko for andre berre i løpet av denne helge. Endå fleire har fått noko. Er ikkje det ei flott bygd vi bur i?