Sist oppdatert: 31.12.2010 08:26

Historia om ein stabeis

ELDOR BRÅTHEN

Kring nyårsleite blir det gjerne gjennomført ymse slag kåringar. Vi blir oppfordra til å peike ut den den aller fremste i året som gjekk, innafor eitt eller anna område.  Eit døme er Petter Northug som vart kåra til ”Årets namn” innafor idretten.

Held vi oss til folk i Valdres, hugsar vi at Hallgrim Hansegård vann avstemming i riksavisa Nationen, og eg vil her og no gratulere med ærestittelen ”Årets bygdeprofil.” Denne heideren kan ha gått til Valdres tidlegare, men eg kjem ikkje på nokon. Mange gonger kan det ikkje ha skjedd.  

Mange lokalaviser har kåringar innanfor sitt distrikt. Ei av dei to lokalavisene vi abonnerer på, heiter ”Hordaland, og kjem ut på Voss. ”Hordaland” er ei rein nynorskavis, og i 2008 vart ho faktisk peikt ut som den beste avisa i heile landet.

Kjerneområdet til ”Hordaland” er Voss og indre Hardanger, og da lesarane skulle peike ut ”Årets namn 2009”, hadde dei mange gode alternativ å velja mellom berre innafor dette området. Ein av Hallgrim Hansegård sine meddansarar, Torkjell Lunde Børsheim i ”Frikar”, var ein av kandidatane avisa hadde førehandsnominert. Ein annan kandidat var nyvald leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke. Mest kjend for folk flest utanom Voss og Hardanger, er truleg Linda Eide, vossajenta i raud treningsdress som gjorde fjernsynsprogrammet ”Norske Attraksjonar” til ein publikumstreffar.   

Ingen av desse nådde opp. ”Årets namn” i Voss og indre Hardanger tilhøyrer ei 18 år gammal jente frå Granvin. ”Ein stabeis mot Statnett”, for å sitere ei overskrift frå ”Hordaland”.

Sidan ho var 15, har Synnøve Kvamme og eit aktivt ungdomsråd i Granvin herad vore med og fronta motstanden mot Statnett sine planar om å nye, høge master og milelange kraftliner gjennom store delar av Hardanger. Dei er på ingen måte åleine. I dette høvet er folk og politikarar heilt på bølgjelengde, og grunngjevinga Synnøve kjem med, er interessant, også overført til Valdrestilhøve: ” Eg er generelt glad i naturen, men denne aksjonen har mest å gjera med det at det er Hardanger som vert råka. Det gjeld heimplassen min.”

Også i Valdres finst det mange som kjempar for heimbygda si. Svært ofte kjempar dei da for å skolen.. Det er ein kamp for bygda i dag og i morgon, og det er ein kamp for barn og unge. Barn og unge treng og fortener eit undervisningstilbod i rimeleg avstand frå heimen sin. Dei treng langt mindre den oppskrytte sosiale treninga og den fysiske aktiviteten det gir å sitje i ein skolebuss to – tre timar kvar einaste arbeidsdag.

Korleis blir heimbygdforkjemparar omtala i vår lokalavis og vurdert blant fleirtalet av lokalpolitikarane? Mitt inntrykk er at dei gjerne blir vurderte som sand i maskineriet. Desse stakkars folka blir sagt å vera ute av stand til å sjå heilskapen. Heilskap er viktig. Folk er ikkje så viktige, i alle fall ikkje dei som bur eit stykke frå bygdesenteret.

”Eg vil jobba med saker eg er engasjert i, men eg kunne ikkje tenkt meg å vera partpolitikar,” seier Synnøve Kvamme.” Er ein først inne i det, sit ein litt fast. Politikarar må meina noko om alle saker, og slik er ikkje eg.”

Eg for min del er litt glad for at nokon vil vera poltikarar, på riksplan,fylkesplan  eller kommuneplan, men eg blir ikkje heilt klok på dei. Eg har latt meg innbille at dette landet, og kommunane i Valdres, blir styrt av parti som går inn for gode offentlege tilbod og ivaretaking av distriktsinteressene.

Det vi no opplever, er at grendeskole etter grendeskole blir lagt ned, og til erstatning for skolar drive av det offentlege, legg folk på tvers av partisympatiar til pengar og engasjement og startar privatskole. Bra er det når godt posisjonerte partifolk synest å tru at kommunen dei bur i, blir meir robust om dei kan få rive ned det som er bygd opp i ein del av kommunen.

Folk er nokre stabeisar. Somme tider er vi reint ustyrlege.