Sist oppdatert: 19.07.2011 18:37

Ikon

OLE AASTAD BRÅTEN
 

Klokka 12.00 laurdag 23. juli opnar utstillinga "Ikon" på Bautahaugen.

 

Frå kunsthistoria kjenner vi ikona som kristne, forkynnande bilete. Jomfru Maria og Jesus-barnet er vanlege motiv på desse heilage, lysande bileta. I ortodoks tradisjon er dei å sjå som vindauga til den guddommelege verda. Omgrepet fekk ny meining på 1950- og 60-talet. Jomfru Maria vart erstatta av James Dean, Coca Cola og Barbie, og i sentrum for den konsum- og kjendisbaserte verdiorienteringa såg vi konturane av ein veksande ungdomskultur. 

Velstandsauke og framtidsoptimisme i etterkrigsåra er bakgrunnen for framveksten av dei nye kunstikona, modernitetens heilage relikvie. Ein av dei fremste formidlarane av denne kunstretninga var Andy Warhol. Han er mest kjend for framstillingane av Marilyn Monroe, i serien Celebrities. Kva er heilage bilete i vår tid? Kva er i sentrum for våre liv? Vår eigen materielle kultur?      

Korleis, kven og kvifor?     
Vinteren 2009 reiste Valdresmusea på skulebesøk. Målet var 224 åttandeklassingar i alle dei seks Valdres-kommunane. Dokumentasjon av ungdommane sine eigne gjenstandar og personlege minne skulle leggje grunnlaget for ei ny utstilling. Skulebesøket inneheldt ein presentasjon av kulturminnevernets historie og spørsmålet: Kva er kulturminne i dag? Tradisjonelle objekt, slik vi kjenner dei frå museumsmagasina? Eller kvardagslige gjenstandar og minne frå våre eigne liv, og med relevans for den einskilde? Kva meinte 224 åttandeklasingar om emnet? Mykje!

Minne frå vår tid     
Ti utvalde kulturminneikon representerer breidde og mangfald, av ein ungdomskultur og i forståinga av omgrepet. Dei fleste kan ein tolke som sterke, personlege og kulturelle ankerfeste. Her er lidenskap og sjølvrealisering stikkord for å forstå gjenstandane som personlege ”historieforteljarar”. Andre representerer korkje lidenskap eller fritid og er i staden uttrykk for tradisjonelle oppfattingar om kva kulturminne kan vere.  

Kvardagsminne blir kunstikon      
Dei utvalde kulturminna har sidan vore gjenstand for fotograf Laila Meyrick sine refleksjonar. Kva tenkjer ho som fotograf om ungdomane sine gjenstandar og minne? Kva er viktig for Meyrick i formidlinga av det kvardagslege? Kan kva som helst bli ikon? Kan kva som helst bli kunst?