Sist oppdatert: 06.04.2012 09:29

Funnen etter fire veker

TEKST: ARNE HEIMESTØL
BILETE: BENTE BRENDEN
 

Fredag 2. mars stakk kvalpen Chakka av frå Hedalen. Fire veker seinare vart berner sennentispa funnen i Begnadalsbakka.

Det var ein hedøling som oppdaga den sakna hunden. Ho ropte på Chakka – som lydde namnet sitt. Siste gongen nokon hadde sett den familiekjære tispa, kan vere dagen etter at ho vart borte.


Rasen Berner sennen kjem frå Sveits og er ein allsidig bruks- og familiehund
.

Mosjonstur?
Trass i engasjement frå mellom anna media, dyrlegar, dyretolkarar og leiteaksjonar heilt fram til ho vart funnen, var ho som sokken i jorda. Til og med klårsynte hadde vore inne i biletet utan at løysninga vart funnen. Det var vel heller Chakka som hadde ein labb eller fleire med i saka. I Wikipedia les vi at slike hundar liker å vere ute, og dei set stor pris på mosjon.

Tok på
– Vi trur hunden har vore ute i skogen heile tida, fortel matmor Bente Brenden. – Då Chakka vart borte, vog ho 38 kg. Fire veker seinare var ho 11 kg lettare, halsbandet hadde rustflekkar, og tispa hadde stort behov for å få seg eit bad. Familien ser at hunden er rolegare enn før, og ho set pris på å få kos.

Venteleg dyr i kosten
Dyrlege har vore inne i biletet og kunne slå fast at Chakka er i god form trass stort vekttap. Godt og tenleg vêr i tida hunden har vore borte, kan vere ein viktig grunn til det. Tispa har fått vitaminsprøyter og er sett på feitekur.
Familien rettar ei stor takk til både kjende og ukjende som har vist eit imponerande engasjement for å finne att Chakka.


Stor var gleda då Chakka kom heim til trebarnsfamilien i Brager.