Sist oppdatert: 08.08.2012 05:53

Må  så mange vegar vere stengde?

ARNE HEIMESTØL
Det er 25 år sidan eg flytta til Hedalen. Eg har valt å bu her av eigen fri vilje. Dette lokalsamfunnet har mange kvalitetar som gjer at eg trivst godt. Dugnadsånda er velkjend, like eins den flotte naturen vi har her, og eg må tilstå at klimaet til vanleg er langt betre enn det eg vaks opp med på Vestlandet.

Naturen i Hedalen set eg umåteleg stor pris på. Joggeløyper har eg både her og der, og då eg viste yngstebror min ei av desse i sommar, vart han reint misunneleg. Ei slik ei ville han gjerne ha med seg heim att!

Inntil for nokre få år sidan var det lov å køyre til Brennsetra. Så vart vegen stengd, og vi fekk vite at han kanskje skulle opnast att seinare. Det har ikkje skjedd. Eg har teke saka opp munnleg og skriftleg med vegstyret – utan at det har ført fram. 

Grunneigarane er i sin fulle rett til å setje bom på vegen. Dei har inga plikt til å halde han open, men eg sørgjer over at tilbodet om å betale for å kome til eit av dei vakraste fjellområda i Hedalen, er borte. Eg kunne ha tenkt meg at fleire slike vegar, mot dugeleg betaling, vart opna i periodar slik at det vart lettare å ta med seg spesielt barnefamiliar og eldre ut i vakker natur. Framleis er eg i god nok form til å komme meg dit eg vil, men slik er det ikkje for alle andre.

Eg trur på samarbeid for å løyse felles utfordringar. Tilboda styret for Hedalsfjella og Hedalen Løypelag har, er gode eksempel å kva ein kan få til når alle dreg i same retning.

Eg tillet meg å nemne ein veg til, vegen til Bogen. Denne nyttar eg til motbakkeløp til Steinhyttevatnet. Eg er overtydd om at fleire ville ha kome seg til dei fantastiske fjellområda dersom dei kunne køyre deler av vegen. Då hadde turane til Fiskevatna, Middagsknatten og Ørneflag vorte overkommelege for fleire. – Og det finst fleire vegar der turmåla står i kø.

Er den utfordringa eg peikar på i denne kommentaren noko som opptek bygdefolk, hyttefok og andre – og som det kan vere råd å finne ei løysing på? Det er sjølvsagt lov å gje respons på det nye forumet vårt.