Sist oppdatert: 07.08.2012 18:19

Utstilling av vottar

ARNE HEIMESTØL
  På Bautahaugen har det i år vore ei stor utstilling av vottar. Sist laurdag tok Arne G. Perlestenbakken videoopptak av ei orientering Rigmor Brenden ga om nokre av vottane. Videoen er lagd på Youtube.

 

Dette skreiv Ole-Aastad Bråten ved Valdresmusea om utstillinga i juni:
 

Venneforeininga for Bautahaugen Samlinger inviterer til opning av utstillinga ”Votter”, laurdag 7. juli klokka 12.00 på Bautahaugen i Hedalen.

 

Bakgrunn
Bakgrunnen er ynsket om å fortelje historia om det sjølvsagte, litt unnselige, men høgst nødvendige plagget – votten. Historie, bruk, symbol, mønster og identitet er stikkord som skildrar mangfald knytt til votten. 

 

Kort fortalt

I Noreg har ein brukt vottar langt tilbake i tid. Vikingane laga vottar av tova ull. I mellomalderen var det også vanleg å bruke vottar. Blant adelen vart hanskar statusplagg, og på måleri frå mellomalderen ser ein ofte adelsdamene avbilda med kvite hanskar.

 

Vottane vart til på mange måtar og dei teknikkane vi kjenner best er tvebandstrikking, nålebinding, hakking, pjoning og hekling.

 

Vottane har vore brukte til helg og sykne, og i gamalt materiale finn vi alt frå arbeidsvottar, kyrkjevottar, bunadvottar, brude- og brudgomsvottar og kjærastvottar. Mønster og symbol har variert like mykje som det har eksistert vottar, men hjarte-, blomster- og rosemønstera ser ut til å ha vore populære.

 

Også i Hedalen har dei sin eigen vott – Hedalsvotten, designa av Rigmor Brenden i 2006 og med ulike motiv frå segna om Hedalen stavkyrkje. Votten er eit resultat av ei strikkekonkurranse og i 2009 fekk kongeparet eit vottepar kvar då dei vitja Bautahaugen Samlinger.