Sist oppdatert: 21.09.2012 20:17

Grepa STOLT tå Valdres

  Grepa stolt tå Valdres – ja, du er vel det? Akkurat no startar ein kampanje som skal få fram kvifor me som bur her, hyttebuarar og andre som har eit forhold til dalføret, er stolte av Valdres. Heile lokalsamfunnet skal engasjerast. Med folk i både hus og hytter blir det ein betydeleg gjeng, seier dagleg leiar i Valdres Natur- og Kulturpark, Kjell Arne Berntsen.

Det er VNK ved kommunikasjonsansvarleg Jan Askildsen, som er ansvarleg for kampanjen. – Tanken er å få fram eit engasjement for alt det flotte som finst i Valdres, seier han. – Skal me lykkast med dette, må me prøve å nå fram på alle dei plattformar folk er. Her skal nettsida vår, lokalavisa og sosiale media som Facebook, Twitter, Pinterest og Instagram nyttast. Ein eigen blogg på valdres.no skal prøve å engasjere folk til meiningsutveksling om ulike tema, fortel Askildsen. 

Bevisstgjering
- Kampanjen er ein måte å bevisstgjera folk på, fortel Kjell Arne Berntsen. – Til dagleg tenkjer ein sjeldan over kva og kvifor ein er stolt av Valdres, men gjennom kampanjen skal me få fleire personar til å setja ord på dette. På den måten håpar me å skape eit engasjement, og få  folk til å tenkje over kva dei sjølve meiner om dette.

Heile staben i VNK  blir involvert i kampanjen, som etter to-tre månader vil gå over i ei ”Eg bryr meg”-kampanje. – Det er viktig at me har ei open haldning til kvarandre og omverda, at me er inkluderande og bryr oss om kvarandre, meiner Berntsen.

Bulyst 
Kampanjen skal også koplast til bulystarbeidet som Gunhild Røyne har starta. I slutten av august tjuvstarta ho på ”Grepa stolt tå Valdres”-kampanjen ved å introdusere heile staben av tilsette i barnehagar, kulturskular, barneskular og ungdomsskular for valdresidentitet og verdigrunnlaget til Valdres Natur- og Kulturpark.

Bli med!
Og frå no blir alle eit mål for kampanjen. – Bli med og engasjer deg. Det er mange gode grunnar til å vera stolt av Valdres. Om me lykkast, er dette god merkevarebygging av Valdres, noko som vil bli lagt merke til og forhåpentlegvis gje ringverknader som auka trivsel og tilflytting, meiner Berntsen og Askildsen.

Kontaktpersonar: 
Kjell Arne Berntsen
dagleg leiar - kjell.arne.berntsen@valdres.no 
97 15 34 98

Jan Askildsen
kommunikasjonsansvarleg - jan.askildsen@valdres.no 
90 09 21 60

Gunhild Røyne
bolystkoordinator - gunhild.royne@valdres.no 
95 14 95 95


Også T-trøyer skal vera med å marknadsføre kampanjen. – Du får tak i dei på turistkontoret ( tlf.  6135 6410) på Fagernes