Sist oppdatert: 03.09.2012 06:31

Slutt for i år – trur eg

ARNE HEIMESTØL
  I går gjekk eg på det som eg trur vart siste molteturen i år. I slutten av juni var eg optimist. Etter fem bomturar i slutten av juli og byrjinga av august meinte eg at det ikkje kom til å verte molter i  år. Då nokre rapporterte at dei hadde plukka fleire kilo, kom fjellstøvlane raskt fram.

Det var ikkje molter der eg til vanleg plar å finne dei. Men i 700-900 meters høgde over havet viste det seg at ein kunne kome over nokre skogsmyrer der det var flotte bær å finne. Så sjølv om det ikkje har vore noko kronår, så vart det nokre kilo – både frosne bær og prima moltesyltetøy.

1. september starta hjortejakta, og seinare traskar elgjegarane rundt i skogane våre. Eg er ferdig med jakta mi. Den store fordelen med molter er at dei står i ro. Slik sett er det lettare å vere moltejeger enn elgjeger.