Sist oppdatert: 05.04.2013 06:14

Merkeleg prioritering

Det har vore to folkemøte til no om kva som skal skje i Fossvang-området i Bagn. Ordførar Kåre Helland er så oppglødd at han har varsla eit tredje.

På det siste møtet i Begnadalen fekk vi vite at kommunen fram til 2022 kan låne 200 millionar kroner. Frå administrativ og politisk leiing vart det sagt lite om kva slike pengar kan og bør brukast til.

C-blokka på SAUS er i elendig forfatning. Der ho står, kan flom gjere ny og stor skade. Kommunestyret har derfor vedteke at blokka skal rivast. Bygget inneheld mellom anna symjehall, gymnastikksal, garderobar og musikkrom.

Eit nytt bygg må på plass, men det er eventuelle tilleggsfasilitetar som har fått hovudfokus i dei to folkemøta. Og fleire politikarar har skubba på. Ein senterpartirepresentant har i eit innlegg i "Valdres" sjølv teke julenisse-metaforen i bruk. Ja, kanskje er det nettopp det som no skjer. Julenissen ser til dei snille borna, og det er i kommunesenteret desse bur.

Det vi saknar i denne saka, er ein grundig gjennomgang av kor kommunen står i høve til dei tenestene han etter lova er pålagd å utføre. Når Sør-Aurdal til dømes ikkje har råd til å gjennomføre skikkeleg vedlikehald på eigedommane sine eller å gje dei tilsette tilstrekkeleg kurs/opplæring, er det døme på at politikarane er i ferd med å prioritere ned oppgåver dei er sette til å løyse. I staden vil fleire no satse på eit bygg som kan verte opp mot 5000 kvadratmeter stort.

I budsjett- og økonomiplanen for 2013–2016 les vi at det vert lagt opp til eit netto driftsresultat på mellom 1,0 og 1,6 %. Over tid må dette aukast til 3–5 %. Vedtekne investeringsprosjekt vil føre til kraftig vekst i lånegjelda, og dette bitt opp driftsmidlar til renter og avdrag i åra som kjem. Dei største investeringsprosjekta gjeld SAUS/Fossvang, brannstasjon i Bagn, energiøkonomisering, Synneisbakken og renseanlegg – dei fleste i kommunesenteret.

Det vert også peika på store behov innan spesialundervisning, heimetenester og miljøarbeidartenesta. At deltaking i Valdres distriktsmedisinske senter kjem til å føre til nye utgifter, må vi rekne med. Disposisjonsfondet kommunen har, vil i 2013 vere på 4,7 % av driftsinntektene, men bør vere på mellom 10 og 15 %, skriv rådmannen. Sør-Aurdal kommune har med andre ord ikkje problem med å finne viktige område å bruke pengar på.

At kommunen kjem til å halde seg innanfor lånerammene som er vedtekne, vil politikarane kanskje få til. Men vi må ikkje stelle oss slik at hallplanar går ut over andre oppgåver.

I det siste folkemøtet fekk ordføraren tilbakemelding frå salen om at mange trur det vil vere éin Valdres-kommune om ti år. Dette brukte ordføraren som støtte til at det er viktig å gjennomføre Fossvang-prosjektet. Eit tiltak som det neppe vil verte noko av i ein storkommune, må altså realiserast så snart som råd er.

Vi minner om at det alt finst ein idrettshall i Etnedal, 15 minutt frå Bagn, og om ikkje lenge er det ein storhall på Leira der kommunen vår også har gått inn med aksjekapital. Ville det ikkje ha vore betre å gå inn i eit nytt kommunefellesskap med ein godt vedlikehalden infrastruktur enn eit monument?

At det som no hender, kan skape nye konfliktar, må vi rekne med. Skulesaka var kanskje det klåraste dømet på kva som kan skje når det viktigaste vart å skape fleirtal for eit syn utan tanke på kva det gjorde med innbyggjarar som vart råka. Kanskje er det på høg tid at politikarane skriv inn ei formulering om like rettar og like plikter for innbyggjarane sine i etikkreglementet som skal vedtakast seinare i år.

Slik vi ser det, hadde det vore på sin plass med eit anna folkemøte. Her kunne ordførar og rådmann ha lagt fram for innbyggjarane korleis det står til med dei lovpålagde oppgåvene kommunen skal løyse og kva ein vil ha av midlar i dei næraste åra til å utføre desse oppgåvene. Innspel frå innbyggjarar på eit så vidt og viktig saksfelt er det sannsynleg at kommunen ville ha fått.

Vi tillét oss å reise dette spørsmålet: Vil utkantane i Sør-Aurdal bli verre behandla i ein storkommune enn i Sør-Aurdal? Slik kommunen vert styrt no, er det kanskje på tide å setje dette spørsmålet på dagsorden att.