Sist oppdatert: 25.07.2013 21:04

Kyrkjekonserten onsdag

ARNE HEIMESTØL
 

Kyrkjekonsertar har vorte ein tradisjon i samband med Jørn Hilme-stemna. I år heldt folkemusikaren Kirsten Bråten Berg konsert i Hedalen stavkyrkje.

Folkemusikaren brukte harpeleik på nokre av songane, men det meste vart framført utan tonefølgje. Det er ei krevjande oppgåve i ei stavkyrkje som har så lite akustikk.

Dei rundt 80 frammøtte takka for konserten med ståande applaus.

Kirsten Bråthen Berg er kjend for å ha fornya folkemusikken, men ho beherskar også andre sjangrar. Her tek vi med nokre smakebitar frå YouTube.