Sist oppdatert: 26.06.2013 07:05

Kjære hedøler og alle jubileumsgjester!

SOLVEIG GRAN
 

Tillykke med dagen til alle som i Hedalen vil leva og bu!
Stavkyrkja er di og mi, alle er vi innflyttarar og arvingar etter svartedaudens gru.
Eg helsar med takk vår Jubileumskomite med Elling som styrar!
Dei har idear og førebur etter store vyar:
Stavkyrkja i fokus heile året til ende!
Her skal unge og gamle sin kulturbakgrunn få kjenne!
No er festdagen inne, og den skal gjennomførast til eit verdig minne!

Kva er vi stolte tå i bygda vår?
Ja, det er nå fjella, vatna, skogen og - kjørka.
Fjell og vatn er Vår Herres verk.
Men av vyrkje fra skogen reiste tømmermann sterk
ei kyrkje som ikkje enda som museum.
Ho samlar oss i dag til 850 års jubileum!

Denne historia starta for meg som eit sagn, nesten eventyr:
Vi høyrde om kyrkja som attfunnen var, i tettaste skogen med ville dyr!
Eit bjørneskinn var provet som i sakrestiet hong.
Men tvilen song: Var DET skinnet frå bamsen som sagnet handla om?
Radiologisk datering kunne svaret si: Mellom 1290-1370 høvde i tid!
Ei viktig brikke fall på plass. Ein takk til Børre Jahnsen for arbeidet hass!
Vi kan ikkje lenger nekte - sagnet virkar ekte!
Årringstestar provar hogsttida på tømmeret.
Dermed vart dateringa sett til 1163.
Ingen stavkyrkje i Valdres er eldre enn det!

Frå 1163 går vi 140 år attende i tid, til 1023.
Olav Haraldsson drog gjennom Valdres på kristningsferd.
Ridande kom han på Kongeveg, slik soga fortel.
På Kongsbakkom med den fine utsikta,
peika han sørover, ned mot kyrkjetomta:
"Der skal kyrkje byggjast!"
Om eit hov stod der frå før,
vart det påtent og enda i glør!

I 1163 vart 7årige Magnus Erlingsson krona til konge i Noreg.
Mora var Kristin Sigurdsdotter Jorsalfar, gift med Erling Skakke, barnekongens far.
Kongemakt vart sikra med kyrkjestøtte,
og Magnus sverga Paven truskapsløfte.
Kronfølgelova vart avgjort på Tinget.
Kongsemnestriden til ende var, det kunne fred og framgang til landet bringe!

Hedalskyrkja vart reist som ein solid katedral.
Men alt i 1327 mottok Vatikanets kardinal
siste tienda frå Ecclesia de Hiidal.
I møte med ein mannedaude, 150 årig øydetid, 400 årig dansketid, i union, i krigar, uår og fred,dei tjurubreidde stavane står stødige for det!

Frå gamalt av ei pilgrims- og ei lovekjørke.
Dit valfarta menneske som var i ytterste mørket -
i håp om å sjå og røre ved Den heilage jomfru og henne prise.
Med bønn om helbred og avlat, i frå sjukdom - lise.
Nokon lova bot og betring, og ville med mynt og gåver si takksemd vise.

Kyrkja vart påbygd i 1699, med eit korskyrkjeparti.
I 1738 reiste Traset tårnet. Takspona vart av tynne bord utskårne.
På slutten av 1800 var kyrkjehuset i forfall.
Det var usemje om planar og skort på kapital.
Vøle den gamle eller bygge ny?
Ei avgjerd som fekk mykje å si.
Eit restaureringsprosjekt frå 1902 og 8
vart ei brukskyrkje slik vi kjenner ho.
No påbygd eit reisverk med altarkvelv og sakresti.

Ei kyrkje i dagleg bruk, der historia sit i gamalt tømmer.
Der trør ein inn i eit rom som på kultur og tradisjonar gøymer.
Eg kjenner meg audmjuk, høgtideleg i same stund,
her står eg på heilag grunn!
Eg føler eg lever i ein samanheng -
No er det eg og min generasjon som nåden treng!
Presten må preike godt og tydelig, elles kan tankane gli – til gamal tid!

Ættledd på ættled gjennom same kyrkjeportal.
Hit har dei vandra i hundretal
når klokkene ringde til messe.
Eimen av røykelsen steig, medan talglysa blafra i trekken.
Dei korsa seg med vievatn: Ave Maria!
og bad så sitt Pater Noster.
Hit kom dei med sine liv -
høyrde Ordet om velsigning og frelse,
fekk tilgjeving og sakramentet.
Kristna borna ved døypefonten.
Lova einannan truskap ved altarbordet.
Til gravferd var siste reisa dei gjorde.
Kyrkja vart ein samlingsstad i sorg og i glede.
Memento mori! Gloria in excelsis deo!

"Hedalskyrkja høyrer til dei merkelegaste minnesmerke frå middelalderen",
skreiv Mikjel Sørlie.
I alle desse åra har ho stått her og kalla folk saman til helg og høgtid.
Og slik vil vi ynskje ho må stå i uoverskueleg framtid!
Gud, sjå i nåde ned, den bøna eg bed: Hald framleis di hand over kyrkja!

Her har vi dyrebare skattar som berre blir gjævare med tida!
Klart vi vil verne vår heimatkomne, vakre Gamle-Maria!
Alle minna frå den katolske tid:
frå den vesle huldreklokka med klangen sin,
til inngangsportal, Kristusfigur og relikvieskrin.
Vi kjenner takksemd og glede over alt det her.
Å selva øss, så heldige vi er!
Ansvar har vi alle, kvinne som mann: Vi vil halde den arven i stand!

Mange viser at dei kjærleik til kyrkja si bar
og gjer bort det siste dei eig og har.
Her trengs midlar til rullestolsbru og ei dør som for båra er altfor smal.
Ein kyrkjeaksje vil kanskje gje pæing i kassa?
Så er du utfordra - om det deg skulle passa!
Moderne valfart av turistar aukar på
med det same målet: lære og sjå.
Vær også du ein forteljar og guide i det små!

Vi vil heidre gamle helta, dei som samla verdfulle skriv og dokument
og på gamletida forska, slik at historia vår vart kjent!
Elling Elsrud, Jørgen og Gunnar Bergsrud samla lokalhistoriske arkiv.
Mikjel Sørlie gav ut hefte,
Edvard Elsrud skreiv ei bok.
Anne Hilde, prosten vår, kan siste nytt stadfeste
i si ferske jubileumskyrkjebok!
Di meire kunnskap som i skallen sit,
di større kjærleik fyller ho hjarta ditt!

"Stavkyrkja har alltid vore det samlande merket i bygda vår."
Her skal vi døype born og lære dei om Guds kjærleik i nye hundreår!
"Kyrkja vitnar om ein lang og ubroten samanheng i bygdefolkets liv."
I møte med nye trendar - og andres tru,
ver sann og vis kvar Du står i det histioriske arkiv!

Snart skal yngre krefter overta. Vi ynskjer lykke til i framtida!