Sist oppdatert: 15.11.2013 05:50

Fiber til Hedalen

På midten av 1990-talet vart Internett teke i bruk i Hedalen. Den gongen var det modem som vart nytta. I 2004 kom breiband via telenettet på plass. Det auka nettfarten mange gonger. Ikkje alle kunne få breiband via ADSL, og seinare kom radiosamband på plass både sør i bygda og til hyttefelt i Hedalsfjella.

Utviklinga har gått fort. Krava til bandbreidde aukar, og no slit delar av næringslivet i Hedalen med å få gjort arbeidet sitt. Fiberkabel må på plass så snart som råd er. Dette vil syte for ein heilt annan kapasitet enn det vi i dag har.

SAE, Eidsiva og Innovangsjon SA prøver no å finne løysingar som både kan tene næringslivet og folk flest. Det første som må på plass, er fiberkabel gjennom heile bygda. Det vil gje store delar av næringslivet, men også privatkundar moglegheit til å kople seg på.

Skal vi få fibernettet på plass både til næringslivet, privatmarknaden og hyttefolket, må alle vise vilje og evne til samarbeid og handling. Kommunen er i ein økonomisk pressa situasjon, men bør sjå at engasjement på dette feltet også vil vere med på å sikre arbeidsplassar og dermed skatteinntekter i åra som kjem.