Sist oppdatert: 27.08.2014 06:04

Frimodige ytringar er velkomne

  Vi har ein spanande haust framfor oss.  Kommunestyret har sett i gang ein driftstilpasningsprosess der målet er å få skikk på ein økonomi som er i ulage. Vedtaka som kjem, kan få store konsekvensar for tenestetilboda Sør-Aurdal kommune yter til innbyggarane sine.

Definisjonsmakt. I år er det 200 år sidan Grunnlova vår vart vedteken. Retten til å kunne ytre seg står sentralt i demokratiet vårt, men det ser ut til at ikkje alle ytringar er like velkomne i kommunen vår. Nokre har valt å karakterisere det som vert sagt og skrive som bygdestrid, og det skal ein ikkje ha noko av. Vi spør: Kven er det som har fått retten til å definere andre sine meiningar slik?

Grunnlaus optimisme. Vi meiner det er god grunn å følgje med på kva administrasjonen og politikarane har tenkt å setje ut i livet. Det er ikkje lenge sidan optimismen var stor. Rådmannen sa mellom anna at kommunen kunne låne inntil 200 millionar kroner fram til 2022.

Hausten 2013 kom det nye signal. No fekk ein store problem med å leggje fram budsjett som var i balanse, og politikarane la dei fleste investeringane på is. Rapportane som kom etter dette, syner at behova er store. Pengar er det ikkje for mykje av, og eigedomsskatt vert truleg innført for å unngå at kommunen må på Robek-lista.

Kva skal behandlast no? Fleire parti på Stortinget vil ha større kommunar. Administrasjonen har gjort kommunesamanslåing til tema inne i driftstilpasningsprosessen. Det er viktig å sikre kommunesenteret slik at konsekvensane for det, ikkje skal verte for store når Sør-Aurdal kommune er historie.

Vi minner om at Sør-Aurdal er meir enn Bagn. Er det så sikkert at bygdene i kommunen vi no har, kjem til å høyre til same kommune i framtida? Og vil dei som bur utanfor kommunesenteret, godta at dei skal vere middel for å nå mål i andre delar av kommunen?

Innbyggjarane har valt kommunestyrerepresentantar som skal forvalte store ressursar på vegne av dei. Sør-Aurdal si oppgåve no er å yte tenester og å prioritere det dei etter lover skal gjere.

Retten til å ytre seg. Vi forventar at tenesteperspektivet vert halde høgt i tida som kjem. Både administrasjon og politikarar bør kunne ta imot innspel frå innbyggarane.

Det er sjølvsagt lov å ha  meiningar og munnleg og skriftleg kjempe for at desse vinn fram. Kreativitet, sakleg argumentasjon og respekt er stikkord vi håpar kan prege ytringane som kjem frå alle sider i tida som kjem.