Sist oppdatert: 18.02.2014 06:32

Vi feirer grunnlovsjubileet 1814-2014

 

OLA THORSRUD
Det er no 200 år sidan Noreg fekk si eiga grunnlov. Dette skal feirast over heile landet og gjennom mykje av året. Starten går sundag 23. februar.
 

Bagn kyrkje hadde ei viktig rolle. Den 25. februar 1814 var det ekstraordinær bededag i mange kyrkjer i Noreg. Bagn kyrkje vart då utpeika saman med mange andre som valkyrkje. Her skulle det vere valg av valgmenn som skulle velje utsendingar til riksforsamlingen på Eidsvoll.

I Bagn vart prest Hans Jacob Stabel vald ut. Han vart også utpeika til å vere med i riksforsamlinga på Eidsvoll. Av totalt 14 prestar på Eidsvoll var altså presten vår éin av dei.

Dette må markerast, og difor blir gudstenesta på Bagn den 23. februar klokka 11.00 ei spesiell gudsteneste. Ho set 1814 på dagsorden og heidrar dei som var med å gjere Noreg til det vi er i dag.

Hans Jacob Stabel (1769-1836)


Det er utarbeidd spesiell liturgi til denne dagen. Det blir innslag med song og langeleik. Det blir ei kort tale om Stabel, og vi kan sjå kopi av fullmakter og skilt som vi har fått i samband med jubileet.  Dette er fellesgudsteneste for heile Sør-Aurdal.