Sist oppdatert: 09.02.2014 15:04

Vinterstemne i Valdres

 

GURO LAJORD 

Over 50 ungdommar i alderen 17-28 frå heile Oppland var forrige helg samla på Sør-Aurdal Ungdomsskule i Bagn. Valdres Bygdeungdomslag var arrangør for det årlege VintersteMnet til Oppland Bygdeungdomslag.

 

Dette er eit arrangement for mellom anna uttak til noregsmeisterskap i ein del ulike tevlingar. Det vart eit fantastisk arrangement takka vere deltakarane og alle som bidrog på ulike måtar!

 

Pizza og swing

Fredag kveld kom ein stor del av deltakarane. Det vart arrangert ei uformell pizzatevling og eit swingkurs, ein særs triveleg start på helga! Laurdag var det klart for den o'store tevlingsdagen – det skulle konkurrerast i heile sju greiner og uttak til ulike NM.

 

 

Motorsag
Den fyrste tevlinga som sette i gang, var NM-uttak i motorsag, ei tevling som inneheld alt frå presisjonsskjering, sverdsnuing til felling og kvisting. I denne øvinga stilte Valdres sterkt med heile fire av ti deltakarar- det resulterte i fleire gode plasseringar. Heidi Anette Håvi Pettersen frå Øystre Slidre på fyrsteplass og Ingvild Hovrud frå Vestre Slidre på andreplass i dameklassa. Mikal Råheim frå Sør-Aurdal kom på andreplass i juniorklassa og Håkon Offergaard Jevne frå Vang på tredjeplass i seniorklassa. Sigeren i juniorklassa stakk Pål Anders Skari frå Brandbu av med, medan fyrsteplassen i seniorklassa gjekk til Thomas Berger frå Vardal/Snertingdal BU.

 

 


Borddekking
Samstundes som motorsagtevlinga pågjekk, vart det tevla i ulike greiner inne. Fyrste innetevlinga var borddekking der det er om å gjere å dekke det finaste bordet som passa til temaet «vintertid». Fem fine bord vart dekka, og sigeren gjekk til Ranveig Amlie frå Eina.
 

 

 

Blautkakepyting
Neste post på programmet var blautkakepynting, ei tevling med både jenter og gutar godt representert. Heile ti kaker sto flott pynta då tevlinga var gjennomført.

 

Lagtevlingar

Motorsag, borddekking og blautkakepynting er individuelle tevlingar, då desse var gjennomført byrja lagtevlingane. Den fyrste lagtevlinga var spekematanretning. Her gjaldt det å legge opp det finaste spekematfatet til servering på kveldens bankett.
 

 

Bygdeungdommane gjennomførte oppgåva med glans, for så å ta turen ut til lagtevling nummer 2, «Handyman». Her gjaldt det å lage sitteplass, tenne opp bål med så få fyrstikker som mogeleg og servere dommarane ei varm pølse. I tillegg var kreativitet og smisk med dommarane ein avgjerande faktor. Dei lokale dommarane, Håkon Offergaard Jevne og Mikal Råheim var særs nøgde med innsatsen og smisken til samtlege!

 

Dagen byrja å gå mot slutten, og ein av dei siste lagtevlingane var noregskunnskap (quiz). Her sørgde Eivind Høyne frå Lomen med sitt lag for at sigeren på noregskunnskapen hamna i Valdres. Til slutt var det tevling i swingdansing, ei fin oppvarming før kveldens bankett. Fem dyktige par deltok, og det var verkeleg ei morosam tevling å sjå! Dagen vart avslutta med bankett og bygdefest på Fossvang forsamlingshus. Ei verdig og fin avslutning på helga med god mat, premieutdeling, dans til levande musikk og mange flotte bygdeungdommar samla.