Sist oppdatert: 28.01.2014 20:36

Bygdeungdomslagsstemne i Bagn

  – Vi i Valdres bygdeungdomslag er sjølvsagt stolte av å skulle arrangere vinterstemne, ei tevlingshelg for ungdom frå heile Oppland, fortel Guro Lajord.


Vinterstemnet går føre seg i Bagn frå fredag 31.1. til søndag 2.2.

Det skal mellom anna tevlast i motorsag, bløtkakepynting, borddekking, swing og spekematanretning. Laurdag kveld vert det bankett med premieutdeling og bygdefest.  Bandet "The roof" skal spele. Her er Ola Øverby med.

 – Det er rekna med at det kjem omlag 50 ungdommar frå heile Oppland til Valdres denne helga, i tillegg håper vi å engasjere flest mogeleg lokale ungdommar, seier Lajord.

Valdres bygdeungdomslag skaper aktivitetar for ungdom på bygda, og kurstilboda er varierte. Målgruppa er ungdom i alderen 13–30 år.

Vinterstemnet som no skal vere i Valdres, vert arrangert kvart tredje år i dei ulike fylka.