Sist oppdatert: 01.06.2014 08:36

Noko vedlikehald vert det

 

Humpete vegar har vi mykje av i Hedalen. I Vestbygda kjem det som er nede i grunnen, nokre stader opp, og det gjer ikkje stoda betre. Vegvesenet set no inn tiltak, men dette vil ikkje rette opp alt som er gale.

Syver Øystuen i Statens Vegvesen har sett over fylkesvegane i Hedalen. Fleire stader har han funne skader som bør rettast opp. I Vestbygda er det aller verst. No slår han fast at det som vart gjort på korte strekningar i 2002, var vellykka. Difor skal vegbanen nokre stader gravast heilt opp, og ny masse skal erstatte den gamle.

Andre stader vert det punktreparasjonar. På Jevnlismyra prøver ein med grøfterensking. Her viser det seg dessutan at vegbanen nokre stader er lågare enn kantane. Det gjer brøyting vanskeleg.

Øystuen fortel at det frå Valdres vart spelt inn ynskje om at 20 vegar bør få ny asfalt. Resultatet i år vert éin, og hovudvegen gjennom Hedalen er ikkje på noko slik liste enno. Det årlege vedlikehaldsbehovet på fylkesvegane er mykje større enn det pengesekken kan dekke.

Vedlikehaldsarbeida som skal utførast i Hedalen i år, kjem på seinsommaren eller hausten.