Sist oppdatert: 12.05.2014 11:59

På ville vegar

Fylkesutvalet
i Oppland vil ha ein gjennomgang av kven som skal ha ansvar for gang- og sykkelvegar, fortau og veglys langs fylkesvegane. I same slengen vil ein vurdere om det er behov for å omklassifisere kommunale og fylkeskommunale vegar.

Arbeidet er i startgropa, og dokumentet som har kome Sør-Aurdal kommune i hende, skal vere eit grunnlag for dialog.

Utspelet frå fylkeskommunen er likevel ikkje til å misforstå. Ein har tenkt at tre fylkesvegar i Sør-Aurdal, på til saman 38 km, skal omklassifiserast til kommunale vegar. Ingen kommunale vegar er tenkt flytta inn under fylkeskommunen sitt ansvarsområde, og ettersom Sør-Aurdal kommune har lite av gang- og sykkelvegar, fortau og gatelys langs fylkesvegar, vil det fylkeskommunen har tenkt, slå særs uheldig ut for kommunen vår. Ordførar Helland er harm, og det er til å forstå.

Logikken i det fylkeskommunen har tenkt til no, er ubegripeleg. Viss ein ynskjer å byte ansvar, bør det skje innafor kvar kommunegrense. Det er rett og slett urimeleg at Sør-Aurdal kommune skal betale rekninga for det som skjer i andre kommunar.

Det er dessutan fylkeskommunen som får pengar til vegvedlikehald og drift. Blir dei tre vegane i Sør-Aurdal omklassifiserte, vil kommunen vår sitje med heile ansvaret – og utan dei statlege midlane fylkeskommunen får til dette formålet. Ordføraren meiner dette vil koste 2 millionar kroner ekstra kvart år.

To av vegane, Leirskogvegen og Vestsidevegen i Hedalen er i dårleg stand. Fylkesordføraren fortel at veglova stiller standarkrav til vegar som skal omklassifiserast, men vil ikkje vere med på opprusting Statens Vegvesen meiner må til for å setje vegen i til dømes Vestbygda i forsvarleg stand.

Vi trur at vegvesenet har rett, og at det må omfattande utbetringar til dersom vegane skal kunne tole tømmertransport med 50 tonn tunge vogntog. Vegar frå 50-talet var ikkje bygde for slik bruk, men det er nettopp slike vegar den største skogbrukskommunen i Oppland treng.

Skulle det politiske fleirtalet slutte seg til det som no er føreslått, meiner vi fylkeskommunen ikkje tek det ansvaret dei bør ta for utkantkommunen Sør-Aurdal.

Det er langt til tenestetilbod vi skal få frå fylket frå før. I bygdene våre skal det framleis bu folk, og vi skal tole at borna vore går langs fylkesveger med hovudlykter som gatelys, utan fortau, på dei same vegane som tømmerbilar fer att og fram. Men vi håper at fylkestinget ikkje sluttar seg til det som no ligg føre. Argumentasjonen står til stryk.