Sist oppdatert: 02.05.2014 21:27

Kva betyr kyrkja for ein sosialdemokrat?

ELDOR BRÅTHEN

Vi har feira 1. mai, arbeidarrørsla sin festdag og kampdag, i kyrkja og på skolen. Etter gudstenesta kom redaktøren i hedalen. no og stilte meg dette spørsmålet: - Kva betyr kyrkja for deg? Eg opplever deg som litt aktiv både i kyrkja og Arbeidarpartiet.

Kan hende fann han den kombinasjonen litt underleg og interessant, men det sa han ikkje. Eg lova å prøve å svare, og det ein har lova, bør ein forsøke å halde.

Ordet «kyrkje» kan bety to ting. Ein kan tala om kyrkjebygningen og om kyrkja som organisasjon:- Ei heilag, allmenn kyrkje. For meg er det viktig at kyrkja er nettopp dette, heilag og allmenn, og eg finn ingen motsetnad mellom desse to begrepa. Ei allmenn kyrkje legg vekt på fellesskapet. Ho stenger ikkje ute folk som søkjer henne ,og ho er open for samarbeid. Det er mogleg det kan kallast eit sosialdemokratisk kyrkjesyn.

Apropos samarbeid må eg få legge til dette. Eg har møtt kyrkjemedlemmer som gjerne er i lag med andre truande, men held avstand til tilsette i si eiga kyrkje. Ein slik oppførsel finn eg nokså merkeleg.

Kyrkjebygningen er for meg ein heilt spesiell stad. Det betyr at min Gud aldri er fullt og heilt til stades på eit bedehus slik som han er det i kyrkja. Nokre få gonger har eg fått vera omvisar i Hedalen stavkyrkje, ei levande kyrkje som slektene har tatt vare på, brukt og forandra etter skiftande behovi i no 851 år. Eg er rett og slett veldig glad i den kyrkja.
 
Ein omvisar har nykel til kyrkjeromet og kan vera der åleine med Gud og alt av ånd og materie som Han og farne slekter har latt etter seg gjennom hundreåra. Det er ei trusoppleving som eg unner fleire, og eg synest det er litt trist at kyrkja ikkje kan nyttast på den måten utan fåre for tjuveri og skadeverk.

Misforstå meg ikkje. Eg set pris på gudstenesta i lag med andre, og eg skulle gjerne sjå at fleire møtte opp og gjorde gudstenesta endå rikare. Mi tru er at deling og fellesskap er til gagn både for einskildmenneske og for samfunnet. Og for no å prate litt politikk: For meg er økonomisk liberalisme, der kvar einskild får forvalte Guds gåver på den måten han eller ho finn best for eiga lommebok, den mest øydeleggjande måten eit land kan styrast på.

Ein kar eg intervjua for menigheitsbladet ein gong sa det slik. – Mange dyktige menneske legg mykje arbeid i det å førebu ei gudsteneste. Berre av den grunn er det svært beklageleg at forholdsvis få møter opp og får det utbyttet gudstenesta gir. Redaktøren for hedalen.no har sagt at han vil trykke preika som Signe prest held i Hedalskyrkja 1. mai. Å lesa ei preike etterpå er ikkje nett det same som det å oppleve preika framført frå preikestolen i fellesskap med andre. Likevel oppfordrar eg alle til å lese preika og ta henne til seg. Ein annan gong bør du møte opp i kyrkja for å få fullt utbytte.

Eg skal avslutte denne kyrkjepoliitiska ytringa. Dei fleste vil truleg meine at eg politisk sett høyrer heime på venstresida, og det er nok det eg meiner sjølv òg. I den heimen på jorda som Hedalen stavkyrkje er for meg, sit eg likevel helst på høgre sida. Der kan ein sjå og verta sett av Hedalsmadonnaen!