Sist oppdatert: 03.11.2014 03:52

  Vel bort det minst viktige!

På mange område lever Sør-Aurdal kommune opp til slagordet sitt – ein frisk kommune i Valdres. Det private næringslivet ser ut til å gå bra, og vi kan no glede oss over optimisme knytt til mellom anna skogbruket og Begna Bruk.

Viljen til å satse på framtida synes å vere til stades. Det er bra for kommunen, for verdiskaping er viktig dersom det skal vere grunnlag for arbeid, busetjing og skatteinntekter i denne delen av Valdres.

I politikken ser det ut til å vere ein slåande kontrast. Magne Damslora (Ap) minner om at vi no har valet mellom pest og kolera. Slik lét det ikkje for to år sidan. Då var det ikkje måte på kor potente politikarane og administrasjonen var. Spørsmålet i desse dagar er om folket vil ha byllepest, reksjuke eller anna som følgjer med slike farangar. – Det kan bli tøft å møte veljarane ved valurnene hausten 2015.

To formannskapsmøte har drøfta rammer for budsjett 2015, og komande torsdag er det budsjettkonferanse.

Det som har kome fram til no, bør vekkje ettertanke. På skulesektoren er det på eitt år spara inn fire fulle stillingar. Den same sektoren har, ulikt einskilde andre, synt framifrå budsjettdisiplin.

Den største innsparinga som kom på bordet i det sistnemnde møtet, råkar på nytt skolane i kommunen vår. Strukturendringar vert nemnt, medan politikarane stirer i bordet og talar kryptisk, men denne gongen brenn det visst blått lys både for Begnadalen skole og ungdomstrinnet i Hedalen. Og dette skjer på sektoren som politikarane i valkampen for fire år sidan kappast om å prioritere!

Kvifor ordføraren no synest å få bråhast i denne saka, har vi ikkje fått noko god forklaring på. Er det ikkje betre å gjere slik rådmannen foreslår; å halde seg til framdriftsplanen kommunestyret tidlegare har vedteke og få ei avgjerd i mars 2015?

Éi avklaring har vi fått. Eigedomsskatt vert innført frå 2015. Inntektene kommunen får av desse, vil gje 10 millionar nye skattekroner, men desse pengane vil ordføraren ha ein handlingsregel på, og at ein fotballhall i Bagn kan nyte godt av slike inntekter i framtida, har han stadfesta. Det høyrer med at promillesatsen på eigedomsskatten er to. Han kan aukast til sju.

Midt oppe i budsjettutfordringane skal politikarane drøfte kommune-samanslåing som vil komme om få år, og dei skal lande driftstilpasnings-prosessen vi er inne i.

Vi trur dei folkevalde bør sjå at det ikkje vil vere verken fornuftig eller mogleg å byggje ein sentralskole i Garthus. Store investeringar, auka gjeld, oppretting av eit nytt sentrum i kommunen, at så godt som alle elevane må køyre buss til skolen og ei umogleg løysing for SFO er argument som bør vere tunge nok til å parkere heile saka.

Vi kan heller ikkje tenkje oss at det er noko stor entusiasme verken i Bagn, Reinli eller på Leirskogen for dette alternativet. Skal denne løysinga vere mogleg, må kommunen selje eller rive andre skolebygg, og den nye symjehallen og eit eventuelt kulturbygg må liggje ved sentralskolen. Kor skal dei som bur i Bagn samlast viss både Fossvang og C-blokka vert rivne?

Like eins meiner vi kommunestyret ikkje bør støtte utbygging av fotballhall. Skal ein få spelemidlar til eit slikt tiltak, må kommunen nemleg garantere for framtig drift. Maktar ikkje Bagn idrettslag driftsoppgåva dei vil ta på seg, kan ikkje kommune springe til skogs og gøyme seg.

Frå før har kommunen gått inn med aksjekapital på vel ein million kroner i hallen som skal byggjast på Leira. Kva ansvar som følgjer med dette, er ikkje kjent. Vi er i alle høve ikkje tente med at vi får fleire pengesluk som gjer at kommunen ikkje kan prioritere dei lovpålagde oppgåvene han skal syte for.

Langt viktigare enn fotballhallen er det å byggje ein ny, romsleg gymnastikksal som kan tene både kulturen og idretten, samt ein tenleg symjehall. Og her bør kommunen vere både den som eig og som driftar bygget.

Frå denne delen av kommunen har vi peika på den sentrale plassen skule, barnehage og SFO har for trivsel og busetjing. Viss politikarane er opptekne av sterke og livskraftige fagmiljø, må dei forstå at amputasjonar ikkje er vegen å gå.

Vi trur at mange set pris på om eigedomsskatt og andre inntekter vert brukte til lovpålage oppgåver og til å sikre økonomien og framtida vår.