Sist oppdatert: 12.01.2015 06:39

Barna og bygda
Tale på 13. dagsbasar i Hedalen

 

KIRSTEN INGA KAMRUD
Takk for invitasjonen! Eg har gleda meg, har aldri vore på 13. dagsbasar før!Dette skal handle om ungadn o bygde, får bruke dialekt so lengi mø kan ho.  

Eg er altså rektor på Ulnes Montessoriskule og skal starte med ei lita historie får livet som rektor. Eg har oftast døra ståande oppe og det kjem iblant ein elev ruslande innom. Denne guten vart ståande og sjå inn på meg der eg sat og så sa han: Kost kan du greie å sita der heile tide utta å gjera nokon ting?!

Hedalen er for meg mystisk og mytisk med eit sagn vi alle kan, om svartedauden, avfolkning, attgroing, jegaren, pila, kyrkjeklokka og bjørnen. Vi har vel tenkt at det var ei god historie, men så viste det seg jamman at bjørneskinnet var så så gamalt! 

Tenk om dette skjer på nytt, nedlegging, avfolkning, attgroing. Eg les at kommunen vil rive kommunale bygg og skal starte med skulen. Då tek dei vel resten etterkvart og så blir det tomt og stille her, berre kyrkja som ragar over skogen. Og så kjem ein jeger... 

Vi får håpe det ikkje går så langt, vi lever i eit moderne samfunn, vi betalar skatt og avgifter  og noko skal ein vel ha tilbake av tenester. No er de midt oppi ein skulestrid og vi i Ulnes veit alt om det. Vi protesterte, skreiv side opp og side ned med logiske argument, granska nettet etter forskingsrapportar og slo i bordet med alt dette til kommunestyret. Det var heilt bortkasta, alle våre fakta prella av. Dei sat berre og telte pengar. Ikkje bruk tid på å argumentere, skrive og håpe på at kommunen skal snu. Når kommuneadministrasjonen kjem med så paniske forslag, betyr det at dei er redde for hedølene. Drastiske tiltak i kommunen må møtast med drastiske mottiltak. Ikkje ver snille og ordentlege, ikkje stå med lua i handa, ver så sivilt ulydige de kan! Grav ei grøft over vegane, lenk dykk fast til skulebygget, bruk media for alt det er verdt! Tenk nytt! Det handlar om framtida til Hedalen, ingenting må vera uprøvd.  

Barn og bygder er det viktigaste i heile verda. Barn seier seg sjølv. Barna er framtida, framtida er barna. Skulle vi ikkje då sørge for ein god barndom? Det vi sår no, haustar vi eingong. Gir vi barna ein barndom i buss, vil det ha konsekvensar. Å reise heilt til Bagn, vil vera tidsmessig det same som at eg skulle kjørt barna mine på skulen i Gol. Det er galskap. Vi vil gjerne ha barn våre tilbake til Valdres ein gong. Då handlar det om identitet, røter, nærheit og gode opplevingar i oppveksten. På den kommunale skulen i Ulnes hadde vi i 20 år eit opplegg vi kalla Valdresveker. I løpet av sju år lærte vi barna om ulike sider av valdreskulturen, som dialekt, kunst og handverk, musikk, dans, stølsliv osv. Når eg møter desse elevane no, er det ofte at dei hugsar desse vekene og det dei lærte då. Kanskje for at dette var noko som berørte dei, som var nært og ekte, som betydde noko for dei. Nærmilkøet er viktig for barn i oppveksten. Min eigen son, Thomas, vil gjerne bu i Ulnes når barna hans skal på skulen. Vi håpar det vil skje.  

Mange trur at det er betre læring på større skular enn på mindre.Det stemmer ikkje, ingen forsking sler fast dette. Viktige faktorar for læring er gruppestorleik og relasjonen til læraren. Betre læring i mindre grupper og lettare å bli godt kjent med kvarandre. Ikkje tru at store skular har betre kvalitet! 

Den andre viktigaste tingen i verda er bygdene. Kvifor det? Kvifor skal det absolutt bu folk der inegn skulle tru at nokon kunne bu? Tenk dykk den programserien om 100 år. Då er det program frå Hedalen! No har det vore om einslige gardar på fjellet, vidda, skogen eller ei øy. Då vil det vera om tome bygder.Alle bur i byen og sit rudnt TV´en og undrar seg over at det kunne bu folk her. Og alle andre stader som ikkje er by. Blir det slik? 

Bygdene er viktige, det foregår noko der, nemleg matproduksjon. Vi må ha mat um 100 år også. Så lenge ingen finn på ein metode for å produsere all mat i byar, må vi ha bygdene. Eller kan vi importere alt! Er det ikkje så nøye med sjølforsyning. Tenk dykk at Erna var mor til oss alle. Ein fæl tanke, men tenk om! Ei mor skal helst ha mat til barna sine, men Erna og gjengen satsar visst på at vi kan få det frå naboen. Sjøl om dyra til naboen ikkje har det bra, sjøl om maten inneheld noko vi ikkje vl ha i oss.  Dattera mi, Kari, er vegetarianar, men kan ein sjeldan gong eta kjøt. Om det er kortreist, rein mat, slik som elgkjøt frå Ulnes eller Valdresgris. Kankje vi heller skulle satse på det jordbruket som passar for Valdres, for Norge? Det er jorda som gir oss mat, som gir oss livet. Hedalen er viktigare å ha enn Bagn sentrum. 

Dei to tinga vi ikkje kan greie oss utan, er barn og bygder.  

Ei lita historie til frå Ulnes Montessoriskule. Eg kom gåande ein morgon med tunge steg, hadde sove dårleg og var sliten. Det sat ein liten fyrsteklassing på trappa. Han kunne ikkje lesa, men han las meg på to sekund. Han såg opp på meg og sa: Vil du ha ein kos?

På ein stor skule hadde han kanskje ikkje kjent rektor godt nok eller vore så trygg at han kunne tilby ein kos.

Eg fekk ein kos og gjekk opp trappa med lettare steg. Og eg tenkte, så heldig eg er, som har barn. Og har ei bygd!

Bildeglimt fra basaren. Alle bildene er tatt av Arne G. Perlestenbakken.