Sist oppdatert: 18.01.2015 09:06

Kjære Jørn.

Eg ser at du har mange poeng i kronikken din. Skilnaden mellom deg og oss som er att, er at du ligg eit hestehovud framom.

Du har teke konsekvensen av tida vi lever i og kor sneversynte folk i denne bygda er. Du har forstått at framtida er å assimilerast «mellom sunni- og sjiamuslimar, buddhistar, hinduistar, katolikkar, protestantar og ateistar på Oslo øst». Når vi har tenkt oss vel og lenge om,- kjem vi nok etter. Folkevandring har det vore før, og det er teikn i tida som tyder at ho kan koma attende. 

Du nemner hytteturistar! Ein kan nok finne ein og annan protestant og ateist mellom hytteeigarar og ferierande her i dalen, men så vidt eg veit, er det få av dei andre slaga du nemner. Her har du eit marknadsarbeid å gjera, om integreringsarbeidet gjev deg tid til slikt.

Når du nemner den dårlege kvaliteten på skulen i dalen vår, byrja eg å tenkje etter. Når du som er lærar sjølv, og  har røynsle frå den skulen du talar om, lyt fråsegna takast på alvor. Rart er det at ein støtt og stadig møter folk som er alne opp her i dalen, og som finst i yrkesgrupper så som juristar, lækjarar, revisorar, lærarar, ingeniørar, sjukepleiarar, byråkratar, handverkarar og kunstnarar av ymse slag,- for å nemne noko. Ikkje ser dei ut som dei er skorne ut or «Berget det blå» heller,- kanskje med nokre få unntak. Eg slær meg til ro med at desse yrkesutøvarane er  unntaka som stadfestar regelen.

Du skal sanneleg ha takk for at du tek deg tid til å minne oss om kven vi er, og kor langt tilbakeståande vi er. Eg skulle ynskje du snart kjem att, for den røynsla du har skaffa deg om korleis ein får til sameksistens mellom hutsiar og tutsiar, kunne koma godt med no om dagen.

Vyrdsamt

Magne R