Sist oppdatert: 23.03.2015 09:44


Der du er

  Skulestriden er over for denne gongen, og det er tid for å summere opp. Eitt fellestrekk meiner vi å sjå i mykje av det som er sagt og skrive: Dei aller fleste vil ha nærmiljøskule – der dei er, og det er nettopp det som no ser ut til å bli resultatet.

Så kan vi spørje oss om det i heile teke var nødvendig å gjennomføre denne prosessen. Eit enkelt søk på nettet kunne ha leia kunnskapstørste politikarar inn på nettsida til Barneombodet. Her les vi at ingen småskuleelevar bør ha lengre reiseveg enn 45 minutt til skulen sin. Med gangtid, ventetid og busstransport er det uråd å få dette til uansett kor ein legg ein slik skole i kommunen.

Det neste temaet var økonomi. Frå den førre prosessen visste vi at ein sentralskole i Garthus ikkje ville gje noko innsparing. Likevel er det frå tilhengarane av dette alternativet ein oftast høyrer om økonomi og redusert pengebruk.

For det tredje hadde politikarane på sviktande grunnlag teke mål av seg til ei utbygging for 90 millionar kroner i Fossvangområdet, og her var planen å bruke pengar til vesentleg meir enn lovpålagde oppgåver.

Ein kan undre seg over kva dei fokevalde  i junimøtet tenkte då dei bestilte utgreiingar som neppe har vore gratis. Og var det nødvendig å skape så mykje støy berre knapt fem år etter førre runde?

Svar har dei i alle fall fått. Rådmannen har gjort grundig og godt arbeid. Det har vore tydeleg tale i fleire høyringsdokument. Vedtaket kommunestyret gjorde, er til å leve med. Alle forstår at det må vere elevar dersom ein skal ha skule, og nærskuletanken er sett i høgsetet.

Vi håper politikarane tenkjer seg grundig om før dei set i gang nye prosessar. No treng alle bygdene ro og tid til å arbeide med det som er eit felles mål for Sør-Aurdal: Vi må leggje til rette for at dei barnefamiliane som er i kommunen, vert verande, og det må jobbast hardt og målretta for å få fleire til å flytte hit.

Skal vi få det til, treng vi føreseielege folkevalde. Og vi treng mindre av innspel som det representanten Storsveen frå skulepartiet Høgre kom med: Ho ville leggje ned både Begnadalen skole og ungdomstrinnet i Hedalen. Reisevegen nemnde ho ikkje med eit ord.

Vi minner om at politikarane i førre valkamp kappast om å satse på skule. Faktum er at det er skulesektoren som er hardast råka i driftstilpasnings-prosessen. Her er det alt spara inn 2,1 millonar kroner. Finst det noko betre bruk av eigedomsskatten enn å satse på barn og unge i kommunen vår?

I Hedalen lukkast vi med å samle oss om eit felles mål: skole 1–10. Det var høgtid over stunda då 21 lag og foreiningar underteikna høyringssvaret som vart sendt frå bygdeutvalet. Hundrevis av timar er brukt til møteverksemd og skrivearbeid. Det var ikkje fånyttes, for samhaldet i bygda er etter dette sterkare enn nokon gong.

Vi ser ingen grunn til å endre målet om fullverdig grunnskoletilbod i bygda vår. Hedalen Skoles Venner held fram med arbeidet sitt. Det er vi visse på at mange kjem til å støtte opp om. Bygdeutvalet har kome svært godt i gang med verksemda si. Vi håper lag og foreiningar støttar opp om arbeidet dei skal gjere framover, slik at styret ikkje slit seg ut.

No står vi framfor ei kommunereform. Om få år er Sør-Aurdal kommune truleg historie. Dei folkevalde og administrasjonen skal arbeide for å gje alle innbyggjarane gode tenester. Å bruke prosessen fram mot ein større kommune til å styrkje det noverande kommunesenteret ved å ta frå dei andre bygdene dei få tenestene dei har att, kan vi på ingen måte støtte.