Sist oppdatert: 12.09.2015 06:31

 

Vi vil ha utvikling – ikkje avvikling

 

Sør-Aurdal kommune har vore gjennom åtte harde år der økonomien har tvinga fram to driftstilpasningsprossar og innføring av eigedomsskatt. Nedgang i folketalet har også ført til at det er færre barn i både skular og barnehagar. Dette har gjeve reduserte inntekter, og politikarane har på nokre område skore til beinet for å få budsjetta i balanse. 
 

På debattmøtet  i Begnadelen måndag var økonomi eit sentralt tema. Korleis vi i dei neste åra – med sviktande inntekter, aukande lånegjeld og behov som ikkje er dekte, skal kunne få budsjetta til å gå i hop, fekk vi ikkje eintydige og klåre svar på. Ordføraren tok jamvel i bruk bannord – utan at dei som sat i salen, vart klokare av det.
 

Derimot tok Helland i møtet til orde for eit tettare samarbeid med bygde- og grendeutval i kommunen. Det er eit utspel alle bør takke ja til. Skal kommunen vår kunne levere lovpålagde tenester med tilstrekkeleg omfang og kvalitet, må alle bygdene sjå at vi er i same båt. Det ser ikkje ut til at vi på kort sikt vert slegne saman med andre kommunar, og då lyt vi klare oss sjølve.
 

Sist veke varsla regjerninga at det skal byggjast ny motorveg frå  Sandvika til Hønefoss. I tillegg kjem det to-spors jarnbane. I Valdres er Sør-Aurdal den kommunen som vil liggje nærast Stor-Oslo. Det kan gje oss nye og heilt andre moglegheiter både som hyttekommune, men også når det gjeld andre nye arbeidsplassar i framtida. Låg arbeidsgjevaravgift kan vere eit viktig argument når bedrifter planlegg nye verksemder.

Det vi på kort sikt treng, er å få opp att barnetalet i skular og barnehagar.  Skal vi få det til, må vi parkere skoledebatten og satse på langt betre marknadsføring av det vi samla sett har og vil utvikle i kommunen vår.

Mange brenn etter å gje tilbod til flyktningar. Det kan vi få til i fleire bygder i kommunen vår. Plass har vi nok av, og hjarterom er det mange som har. Det er på tide å handle slik mange andre kommunar gjer!
 

Søndag og måndag er det val til både fylkesting og kommunestyre. Kåre Helland har gjort god jobb på fylkestinget, og no er plassen hans usikker. Veljarane bør ha i mente at Valdres bør vere representert på dette nivået også, for skal vi få pengar til fylkesvegane i kommunen vår, må vi ha nokon som kan tala saka vår.
 

I Sør-Aurdal har veljarane sytt for at menn har hatt større plass enn kvinner i politikken. Det har skapt utfordringar når ein skal setje saman formannskapet. Kvinner representer minst halvparten av vitet i kommunen vår, og vi bør, når vi stemmer, syte for at likestillingsperspektivet vert halde høgt.
 

I Noreg har vi stemmerett, men ikkje stemmeplikt. Vil du vere med på å påverke utviklinga i kommunen vår, bør du bruke stemmeretten din. Vi peiker no ut tillitsvalde som skal forvalte store summar på vegne av fellesskapet dei fire neste år. Du kan vere med på å stemme fram den lista og dei personane du har størst tru på. Godt val!