Sist oppdatert: 11.03.2016 17:06

Bautahaugtema 2016: - Barndom
 

 

TEKST: ELDOR BRÅTHEN
BILDER: ARNE G. PERLESTENBAKKEN
Årsmøtet til Bautahaugens Venner vart halde i Brakadokka 8. mars, dvs. på sjølvaste Kvinnedagen, og det passa bra. I denne foreininga er det kvinnene, med leiar og skrivar Sigrid Haugen i spissen, som har dei fleste styreverva, og det går aldeles utmerkt
.

 

 

Ei fyldig årsmelding vart godkjent med handklapp, og eg tek med nokre få punkt. Sommarsesongen 2015 varte frå 24. juni til 15. august, og Bautahaugens Venner baud på kaffi og vaflar kvar dag. Laurdagane vart brukte til ulike tema, og da vart det servert tradisjonsmat. Alle dagar, og særleg i helgene, var det mykje folk og god stemning.

Hovudinvesteringa i 2015 var tre nye krakkar med bord, som vart tekne i bruk fyrste gongen 17.mai,og vaktmeister Halstein Nerbye og gode hjelparar retta opp statsministerbordet og ga det nytt fundament. Fullstendig årsmelding kan du lesa her.

Bautahaugen er ein del av Valdresmusea, og dei bestemmer m.a. opningstidene for sommaren 2016. Bautahaugens Venner vonar på utstillingsopning 25. juni. Styremedlem Bjørg Berg presenterte temaet for utstillinga sommaren 2016. Det blir: Barndom i gamle dagar (eller noko slikt).

Og dermed er oppmodinga til kvar og ein av oss: - Set i gang og leit etter alt som høyrde barneåra til! Om barneskoa dine ikkje vart trødde i Hedalen, tek du dei med likevel, men det vart antyda ei grense omtrent midt på 60-talet.

 


Bjørg Berg

 

Fyrste medlemsmøte blir halde uti april, dato seinare. Da skal aktivitetsplanen for 2016 skal fyllast med innhald, og alle som kan tenke seg å gjera ein stor eller liten innsats, vert bedne om å møte. Har du ikkje høve til å møte den dagen, kan du ta kontakt med leiar eller eit anna styremedlem.

Kaffien og traktementet var bra, men «gjettekonkurransekvissen» gjekk så som så, i alle fall for min del. Elling Fekjær og Ann Karin Samsing Lundberg var kveldens skarpaste.

Etter kaffipausa fekk konservator Espen O. Hårseth ordet. Hårseth vart tilsett ved Valdresmusea for omtrent eit halvt år sidan. Til no har han vore i Hedalen ein gong, på arkivkveld i januar, og han kjem att. Valdresmusea, medrekna Bautahaugen, er både arkiv og gjenstandssamling, og har i dag ca. 27 000 gjenstandar, i alt vesentleg gåver.

 

Espen O. Hårseth
 

Hovudmålet til museet er ikkje å gøyme bort ting. Hovudmålet er å gjera gjenstandane, og med det historia, tilgjengeleg for publikum, og Hårseth fortalde litt om det som må gjerast frå ein gjenstand kjem inn på museet og til han er klar for presentasjon. I fyrste omgang er det viktig å få med kor gjenstanden kjem frå og kva han vore brukt til. Den kunnskapen som enno finst i lokalsamfunnet, er særs viktig i så måte.

Hårseth synte fram registreringsskjema som vert brukt no. Ved Bautahaugen samlingar har spesielt Rigmor Brenden gjort verdfullt registreringsarbeid. Ho hadde ikkje skjema til rådvelde, men arbeidet hennar, på friviljug basis, er likevel eit godt fundament for vidare arbeid.

Valdresmusea forvaltar elles omkring 100 000 kulturhistoriske fotografi. Litt av denne samlinga er tilgjengeleg på internett via www.digitalmuseum.no.

Arbeidet held fram. Mange foto manglar viktige opplysningar. Ikkje så få foto skriv seg frå Hedalen og resten av Sør-Aurdal, og fotoarkivar Bettina Garman høyrer gjerne frå folk som kan ha opplysninga å bidra med.