Sist oppdatert: 08.04.2016 23:40

Til minne om Ragna – og til hugnad for oss

 

TEKST: ELDOR BRÅTHEN

BILDER OG VIDEO: ARNE G. PERLESTENBAKKEN

Forventningane var ganske høge da vi sette oss i peisestova på Hedalsheimen onsdag ettermiddag.

 

 



Svært få spelar langeleik betre enn tvillingbrørne enn Knut og Ole Aastad Bråten, og dei hadde lova oss konsert med song og prat.

 

 

 


 

I 2015 ga dei to plata «Til Ragna»- ei hyllest til sør-aurdølen Ragna Brenno Frydenberg og andre som berga langeleiktradisjonen frå gløymsla, og «Til Ragna» var namnet på programmet til «Den kulturelle spaserstokken» denne gongen.

Bergingsaksjonen skjedde ikkje heilt utan motstand. I tida før andre verdskrigen tok far til Ragna, Ola Brenno, med seg langeleiken til hovudstaden og fekk mellom anna sleppa til i radioen. Det vart litt for mykje for somme skriveføre og taleføre folk innanfor kultureliten, og protestane kom. Dei var ikkje vane med slikt, og dei ville ikkje vita av det.

På motsett side sto m.a. komponisten Eivind Groven. Telemarkingen Groven kjende til folkemusikken. Han tok Ola Brenno i forsvar og fortalde skeptikarane at det Brenno presenterte dei for, var ein nasjonal kulturskatt å ta vare på. Mot slutten av programmet spela Knut og Ole ein komposisjon av Eivind Groven.

All ære til Ola Brenno og våpendragaren Eivind Groven, men jobben var ikkje gjort med det. Kultur må takast vare på, brukast, og utviklast vidare. Ragna Brenno Frydenberg døydde i 2006, 100 år gamal. Da hadde ho gjennom eit langt liv take vare på arven frå faren, og lært opp nye utøvarar.

I dag driv Knut og Ole med nett det same som Ragna dreiv med, ivaretaking av arv, vidareformidling og utvikling. Noko vi ikkje visste frå før, var at eine bestemor deira heitte Johanne Kolstad. Ho var skihoppar og kvinneleg banebrytar på det området lenge før Anette Sagen og fleire andre spente på seg hoppskiene.

Så langt eg kjenner til , har brørne frå Ranheimsbygda ikkje drive det spesielt langt innafor hoppsporten. Andre bestemor deira var og kulturberar. Ho var med i Frelsesarmeen, lærte gutane tre grep på gitar og erklærte at no var dei utlærte. Viktigare var kanskje den religiøse songtradisjonen ho sette dei inn i. Den fekk vi og eit døme på.

Tek vi med at gamalonkelen, Jørgen Dalen, var utøvar og ikkje minst langeleikprodusent, og var litt av eit ideal for brørne da dei voks opp, får det vera nok slektshistorie for denne gongen.

No skulle eg ha fortalt om all den gilde musikken vi fekk presentert frå Reidar Schlytter frå Friviljugsentralen ønskte velkomen, og til han avslutta med å gje utøvarane kvart sitt sjokoladehjarte med takk for innsatsen. Blomar hadde dei fått på Bagn tidlegare på dagen.

Vi fekk høyra : «Langebergslåtten» ,Låtten svenskane spela ved Nørdrukjørka i 1716,og mange andre bra slåttar, med og utan namn. Diverre noterte eg altfor lite. Hedalsheimen fekk «Til Ragna» som gåve, og du og eg bør kanskje kjøpe oss ei plate? Vi kan ha mykje glede av det.

Neste spaserstokk-program på Hedalsheimen er tysdag 10. mai, kl. 14.00. Da kjem teatergruppa Korus v. Kjetil Røren med «Johansen skifter genser.»
På Sør-Aurdalheimen er det forestilling kl 10.30.