Sist oppdatert: 08.04.2016 18:47

Grovt frå kommunale leiarar

 

AUD SØYLAND
Ordførarane i Øystre og Vestre Slidre må no ta ein oppvask med rådmennene sine og lære dei kva som er forventa folkeskikk.

I avisa Valdres 7.4. les me at rådmannen i Øystre Slidre Øivind Langseth har kalla journalist Helge Gudheim ein «løgnhals», medan rådmannen i Vestre Slidre Håkon Rydland spør om dei skal «skyta Helge Gudheim». Rydland hadde ikkje berre sagt dette siste munnleg, men jamvel skrive det i presentasjonen han la fram for ordførar- og rådmannsmøtet.

Det er så grovt at kommuneleiarar kan oppføre seg på den måten, at avisa har berre eitt å gjera: krevja ei offentleg unnskyldning frå dei to rådmennene på vegner av Helge Gudheim.

Det er ikkje fyrste gongen me høyrer at rådmenn og politikarar blir snurte fordi journalistar skriv om det dei driv med. Men når ein sit i slike stillingar, må ein faktisk tole å bli kikka i korta. Dessutan gjer ein klokt i å teia, eller iallfall berre svara med sakleg og nøktern informasjon, i staden for å furte eller bli rasande. Det er nemleg furtinga og dei sinte kommentarane me innbyggjarar hugsar etterpå.

Ordførarane i Øystre og Vestre Slidre må no ta ein oppvask med rådmennene sine og lære dei kva som er forventa folkeskikk av ein kommunal leiar. Vidare må også dei krevja at rådmennene trekkjer tilbake det dei sa i møtet sist fredag, og ber Helge Gudheim om unnskyldning. Er dei ikkje villige til å be om unnskyldning, må den politiske leiinga i dei to kommunane verkeleg vurdere stillingane deira.