Sist oppdatert: 29.11.2016 22:17

To nye tilfelle av CWD

 

ARNE HEIMESTØL
Meir enn 6000 hjortedyr er sjekka, og to nye tilfelle av sjukdommen skrantesjuke er i haust påvist på villrein i Nordfjella i Sogn og Fjordane. Miljødirektoratet opplyser at sjukdommen er dokumentert på til saman fem hjortedyr i Noreg.



Kjelde: Miljødirektoratet

 

Skrantesjuke
Chronic wasting disease (CWD) er ein smittsam sjukdom som kan råke hjortedyr som elg, hjort, rådyr og rein. Sjukdommen er dødeleg. Smitten kan skje gjennom direkte kontakt mellom dyr, eller gjennom miljøet, til dømes via spytt eller urin.

 

Hjortedyr kan ha sjukdommen utan å ha synlege symptom. Når sjukdommen har kome langt, vil ein kjenne att symptom som avmagring, unormal framferd og hyppig urinering. Det er svært liten risiko for smitte til menneske frå dyr eller kjøt. Dyr som er smitta, held ein unna matkjeden.

Vil hindre smittespreiing
I sommar vart det innført forbod mot å leggje ut saltstein eller fôr til hjortedyr i sju fylke, mellom anna i Oppland. Formålet var å hindre samlingsplassar og dermed moglegheit for smitte.

 

Prøvetaking på tamrein
Det er fire tamreinlag i Oppland, to i Gudbrandsdalen og to i Valdres. Filefjell reinlag skal slakte rein fra 7. desember. Ca. 300 simler skal testast. 13. desember reknar Olaf Søbekkseter med at ein veit om det er funne smitte. – Eg vil vere svært overraska viss ein skulle finne positive prøver. Det har ikkje vore kontakt mellom tamreinen vår og villrein, og vi er tett på alle dyra, seier Søbekkseter.