Sist oppdatert: 02.01.2016 17:49

Eit o anna om 2015

 

JØRN DAMSLORA


Nokre gonger får ein positive overraskingar. At ei verksemd skulle ringe å bestilte aktivitetshelg for 32 stykker, var slett ikkje noko eg kalkulerte med då 2015 starta.
 

Meg i vanleg arbeidsantrekk


Deloitte arrangerer 60 grader nord kvart år. 32 påmeldte vert delte inn i fire lag à åtte personar. Frå fredag til sundag skal desse laga konkurrere i forskjellige aktivitetar dei ikkje er førebudde på. At Deloitte oppdaga Sør-Valdres, kjem av at Asle Ivar Klemmetsrud, i likskap med alle andre som har juva Hølerajuvet, likte aktiviteten. Han tipsa vener i arrangørkomiteen på sin tidlegare arbeidsplass Deloitte.
 

Utfordringa Eit o Anna fekk var å få til fire aktivitetar i løpet av laurdagen. Dette er vanskeleg nok i seg sjølv, men i tillegg skulle ingen sjå kva dei andre dreiv med av di overraskingsmomentet var viktig. Det var og viktig at alle hadde like tungt utstyr å dra på heile dagen.

 

Det er mange små fossar i Høerajuvet. Dei byr på litt forskjellige moglegheiter.

 


Juving

 

 


Det gjekk med noko tid til idemyldring før tilbodet var klart. Ideen som Deloitte kjøpte, var at deltakarane skulle ta seg frå Sparkevik til Fønhus i flåte. Neste aktivitet var elvekajakk frå Fønhus til Eid, før dei skulle gå til toppen av Hølerajuvet via Friarvegen. Juvvandringa gjennom Hølerajuvet skulle vera sjølve rosina i pølsa. Frå Hølerajuvet skulle deltakarane ta seg ned til Sparkvik. Dette vart ein sirkel der laga kunne starte forskjellige stader.

No var det å få på plass papira, utstyret og mannskapet. Dette ordna seg greitt gjennom kontaktnettet eg har innan elvesport. Flåteutstyr vart leigd av Valdres Alpintsenter, kajakkar vart leid av Begna padleklubb og OSI, medan eg kjøpte inn naudsynt klatreutstyr for juvvandringa. Guidar var det òg lett å få på plass. Det beste av alt er at to av guidane blir med på eigarsida frå 2016. Det å ha fleire eigarar har vore ein føresetnad for meg og då eg registrerte verksemda i 2005 vart dette eit sentralt punkt. Då eg ikkje lukkast, la eg verksemda på is.

 

 


Begna er ei fantastisk elv for nybegynnarkurs.

 

Ti dagar før aktivitetshelga gjorde værmeldinga det klart at vi måtte ha ein plan B for juvvandringa. Vi brukte helga til å ordne tyrollertravers og rapellering i Hølerajuvet. Tre dagar seinare var det 50-årsflom i Urula og 25-årsflom i Hølera. Plan B var med eitt like uaktuell som plan A. Begna var og så stor at sikkerheitsmarginen på aktivitetane der var små. Plan C måtte på bordet. Heldigvis har Sør-Valdres mykje å by på. Nokre timar og mange telefonar seinare var den siste planen på plass. Begna minka, så flåtetur, kajakk og Friarvegen kunne gå som planlagt. Hølerajuvaktiviteten var det einaste som måtte erstattast. Plan C vart å ta seg frå Friarvegen til leirdueskyting på Åsemyra. Frå Åsemyra sykla dei til Bagn der dei klatra ved kraftverket.

 


Hølerajuvet byr på utfordringar sjølv for den som ikkje vil ut i vatnet.

 

 


Mye av 2016 vil gå med til å utforske og kvalitetssikre nye aktiviteter.
Her fra en tur i Åbjøra i 2015.
 

Når alt kjem til alt, var flommen hell i uhell. At juvvandringa i Hølerajuvet er ein fantastisk aktivitet, veit eg. På grunn av flommen fekk eg testa ein del andre ting òg. Sør-Valdres har mykje å by på. I 2016 skal Eit o Anna tilby kajakkturar og juvandring i Hølerajuvet, medan vi bruker mykje tid på kvalitetssikring og utvikling av andre tilbod. No er medeigarar på plass. 2016 går med til ein forsiktig oppstart, der kvalitetssikring, marknadsføring og utdanning av personell står i fokus.

 


 

For å finansiere utstyr, markedsføring og kompetanseheving vale eg den enklaste inntektskjelda, skigardsgjerding. Skigard har eg sett opp kvart år sidan 1991, så det er noko eg kan.



Sidan Eit o anna skusla bort turguiden gjennom mitt engasjement i Bagn IL, måtte eg finne ein ny finansieringsmåte av verksemda. Eit o Anna set opp skigard. Ein anna fordel med skigardsverksemda er at den gjev arbeid til guidane dei dagane det ikkje er kundar. Dersom de ynskjer å støtte opp om ei aktivitetsverksemd i Sør-Valdres kan de anbefala skigard frå Eit o Anna. Ei Anna moglegheit er sjølvsagt å ta kontakt for eit firmaopplegg til sumaren.
Med dei beste ynskjer for både Eit O Anna og alle andre i 2016.

Jørn Damslora

 


Mange stader innbyr til klatring.
Eit o anna kjem til å ta i bruk nokre av moglegheitene.