Sist oppdatert: 23.06.2016 19:02

Eit o anna om Pedorhula

 

JØRN DAMSLORA

No var eg i ferd med å gå rett i sør-aurdølfella. For nokre veker sidan rydda eg stien til Pedorhula. Det var noko eg har tenkt på i lang tid og eg snakka med Rasmus grunneigar om det førre året. Han var positiv til dette, som det meste anna.

 

 

Eg har ikkje vore så ofte i Pedorhula, sjølv om hula er bygd av den sør-aurdølen som fascinerer meg mest. Eg våger påstanden at ingen person har forma Sør-Aurdal kommune slik som Pedor Piltingsrud, og undrast du over dette, kan du sjå på bilete av Bagn før og etter at han bygde tresliperiet. Bagn var ikkje berre gardar før 1910, men utbygginga Pedor Piltingsrud sto for, gjorde at Bagn plutseleg vart ein industriplass, med stor tilvekst av folk. Fleire av dei etternamna vi no reKnar som typisk begning, kom til kommunen fordi tresliperiet ga arbeidsplassar.

Pedor var med i tidlege flyprosjekt, han kjøpte seg bil så tidleg at han fekk bot for å køyre i kommunar der slikt var ulovleg, han var ein grundar innan sveising, han skjønna vannkrafta sin verdi og kjøpte fallrettane frå Landmark til Bagn, og lista over innovative prosjekt er lenger, men det får eg eventuelt skrive om ei anna gong.

Som eg nemnde i innleiinga, var eg nær å gå i sør-aurdølfella. Det vert gjort mykje godt arbeid i sør-aurdal, og det med gode intensjonar. Ein viktig del av godt arbeid skortar det likevel mykje på, etter mi meining. Det er få einskildpersonar, organisasjonar og verksemder som har ein medviten marknadsføringsprofil. Eg har heller ingen medviten marknadsføringsprofil, men då eg var med å starte Valdresskigard tidleg på 90-talet, erfarte eg at det var viktig å søke media for marknadsføring. Det var ikkje automatikk i at folk som ynskte skigard, visste at Jørn oppsettarlag eksisterte berre fordi nokre krøtterbønder starta ei skigardsverksemd. Det å stikke hovudet fram var i mange høve naudsynt for å selje gjerde. Det førte mange vondord med denne strategien, for den jamne sør-aurdøl skjønar truleg ikkje at det er naudsynt å vise for å selje.

Når eg nok ein gong søkjer media, så tenkjer de som de vil, men intensjonen min er tredelt.

 

  1. Den viktige delen er å minne dykk på at det er eit kjempearrangement rett under Pedorhula laurdag, då mellom anna STAUT spelar på Piltingsrud gard.
     

  2. Det andre er å fortelja at det er fullt mogleg for deg og andre å finne Pedorhula om de ynskjer å vitja eit av Sør-Aurdal sine kulturhistoriske hol. 100 meter sør for Piltingsrud gard går det opp ein grusveg. Gå 200 meter oppover denne vegen og stikk til skogs der det står skilt til Pedorhula. Følg så dei blå merka til du har fjell på alle kantar. Du er då inne i Pedorhula.
     

  3. Den tredje intensjonen er å få dykk som ynskjer lys i glasa i Sør-Aurdal, til å tenke gjennom marknadsføringsstrategiane som nyttast i området. Det er ikkje sikkert alle veit kva du driv med, og det er ikkje sikkert spøken din om dei som vågar å stikke seg fram, er særleg positiv for folketalsutviklinga i kommunen.


Uansett: Tull deg til Piltingsrud gard laurdag, les programmet for Fønhusfestivalen og rusle opp i Pedorhula ein gong du har tid. Og om du tenkjer at eg var flink som rydda vegen til hula, så tek du feil. Den var nok rydda og merka av nokon andre for få år sidan. Eg brukte berre ein liten time på vedlikehald. Dei andre hadde nok berre ikkje marknadsført stien slik at andre oppdaga turmoglegheita.