Sist oppdatert: 05.11.2016 07:14

SAK rangert på 261. plass

 

ARNE HEIMESTØL

Mens kommunen skåra høgt på kommunebarometeret i april 2016, er resultata på Norsk kulturindeks 2016 ikkje så oppmuntrande.

 

Norsk kulturindeks er ein årleg oversikt Telemarksforskning lagar over kulturnivået i norske kommunar. Rangeringa av kommunar, regionar og fylke er basert på tal frå 2015. Målet med den årlege oversikten er å beskrive det faktiske kulturtilbodet og den faktiske kulturbruken innanfor ein kommune eller eit område.

 

Når rapporten skal skildre kulturtilbodet, tek han utgangspunkt i momenta kunstnarar, kulturarbeidarar, museum, konsertar, kino, bibliotek, scenekunst, kulturskolar, Den kulturlelle skolesekken, sentrale tildelingar og frivillig arbeid.

 

Her er tala for Sør-Aurdal:

 

Norsk kulturindeks Forventa indeks Attraktivitet
261 248 259
Kunstnarar Kulturarbeidarar Museum
269 346 209
Konsertar Kino Bibliotek
243 285 123
Scenekunst Kulturskole Den kulturelle skolesekken
273 201 25
Tildelingar Frivillig arbeid  
83 358  

 

Ser dette som ei utfordring
Ordfører Kåre Helland minner om at Nord-Aurdal kommune er på 10. plass. Det er ein konsekvens av at denne kommunen er regionsenter i Valdres.

– Andre Valdres-kommunar kjem også relativt dårleg ut, sjølv om dei bruker mykje ressursar på kultur. No er det budsjett-tid, og vi bør reflektere over tala vi har fått, og sjå om det er noko vi kan gjere betre eller leggje til rette for, seier Helland.

  • Her kan du sjå rapporten.