Sist oppdatert: 08.10.2016 21:31

1600 norske elevar kan miste opplæring

 

HELGE STANDAL, TIDLEGARE REKTOR I GLOBALSKOLEN

Ei pionerklasse i Hedalen i Valdres var med på å utvikle Globalskolen i 1998. Dei var vertsklasse for norske barn i utlandet, som fekk fjernundervisning på Internett frå Hedalen barne- og ungdomsskole. Fleire andre klasser var også med i dette arbeidet tidleg på 2000-talet.

 

Frå det spirande forsøksprosjektet og fram til i dag har kanskje 10 000 elevar rundt omkring på jorda hatt opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE gjennom Globalskolen. I år har ca. 1600 elevar kompletterande undervisning, men brått og uventa kom regjeringa med forslag om å stryke ordninga frå statsbudsjettet.

Foreldra til grunnskuleelevane skjønar ikkje at politikarane kan stoppe ei så god opplæring utan skikkeleg grunngjeving, og reaksjonane kjem no frå hundre ulike land der borna lærer norsk på nett. – De vil ikke ha meg til Norge! var kommentaren til ein 12-åring då ho fekk høyre at regjeringa vil legge ned Globalskolen. Så enkelt er det å få eit barn til å føle seg utstøytt av det norske samfunnet! Elevane er norske statsborgarar, som ynskjer å kome heim til Noreg etter at foreldra har jobba i utlandet ei periode, og med Globalskolen som støtte går det smertefritt å kome inn att i ordinær norsk skule.

Tilskot til kompletterande undervisning har vore ei ordning sidan tidleg på 80-talet. I 20 år var det i hovudsak foreldra som mottok direkte støtte til opplæringa. I 2016 er ordninga under god offentleg kontroll, og tilskotet per elev har vore innkorta i fleire år. Opplæringsmodellen til Globalskolen er så gjennomarbeidd at liknande skular i Danmark, Nederland og Tyskland har teke etter og nyttar same system. Ordninga med vertsklasser er avvikla, men Arne Heimestøl i Hedalen er framleis lærar for ei klasse i Globalskolen.

No er det særleg viktig at Venstre og KrF kan forhandle om statsbudsjettet slik at støtta til kompletterande undervisning kan halde fram. Fjernundervisninga har vist seg så god at den sjølvsagt må med i budsjettet, og aller helst lovfestast, slik at norske barn er sikra opplæring i dei særnorske faga same kvar foreldra arbeider i utlandet.

  • Her kan du lese pressemeldinga noverande rektor, Lilli Brenne Røv, har sendt ut.


Dette biletet er frå lærarsamling i Ørsta i 2011